Strålande fornøgd med lærlingen sin: – Caroline til NM i blomsterdekorering

Både sjefen og lærlingen er kvalifisert til NM i blomsterdekorering neste år. Carolina Guntveit Revheim gjekk til topps i lærlingklassen i distriktsmeisterskapet, medan dagleg leiar Ingvill Marie Svenheim er NM-klar etter fjorårets topplassering i NM. Dermed konkurrerer to frå Blomsterverkstaden i Austmarka om å bli noregsmeister.