Det er hundre år sidan Nordhordland Kraftlag vart skipa, nærare bestemt 6. mars 1918. Det vert markert med ei utstilling på Festo skule førstkomande søndag.

Forarbeidet med å starta eige kraftlag i nordhordlandskommunane hadde pågått i fleire år før dette. Det første året vart brukt til å planlegga linjer og innkjøp av materiell.

Kjøpte inn 20 000 stolpar

Nærare 20 000 uimpregnerte stolpar vart innkjøpt, til kroner 2,32 pr meter, og linjebygginga vart sett igang. Alt 9. februar 1921 vart spenninga sett på til Eidetræ.

I august same året var straumen komen til Nordanger og Sletta, og til jul kom straumen til Frekhaug, Fosse og Sagstad. Eit imponerande tempo i linjebygginga.

Og samtidig som linjebygginga pågjekk, vart husa installert. Men med veldig små effektuttak i kvart hus.

Og til alt hell tok Konrad Kolstad vare på installasjonsutstyr frå denne første tida og framover til årtusenskiftet.

Les også

– Jobben er blitt mer krevende enn gøy

 

Flott utstilling

Installasjonsmateriellet er montert på tavler, og utstyret kan spenningsettast. Samlinga består og av mangt forskjellig elektrisk hushaldningsutstyr. Det er og straummålarar og mangt anna everksutstyr.

Elektrosamlinga på Feste skule er interessant både for den vanlege straumforbrukar og for elektrofagfolk.

Sogelaget si maritime utstilling på Festo skule er og open søndag 11. mars.