Solveig (16) skal segle jorda rundt på skule

Solveig Folkvord Kaland (16) frå Fonnes skal på jordomseiling med skuleskipet Sørlandet istaden for vanleg Vg2.

Solveig Folkvord Kaland (16) frå Fonnes skal på jordomseiling med skuleskipet Sørlandet istaden for vanleg Vg2. Foto:

Byter ut klasserom og pult med skipsdekk og hengekøye.

DEL

I august reiser Solveig Kaland frå Fonnes til Sørlandet for å flytte inn i den nye heimen sin; eit seglskip. Gjennom eit utvekslingsprogram som heiter «A+ World Academy» skal ho nemleg ta andre år på vidaregåande seglande rundt heile jorda, alt medan ho bur, studerer og jobbar på båten SS Sørlandet.

Per dags dato går Solveig på vidaregåande i bergen, der ho studerer ved toppidrettslinja. Ho visste lenge at ho ønskte å ta eit år i utlandet, og hadde sett mykje på ulike utvekslingsprogram, men ingen freista så mykje som det å kunna segla jorda rundt.

–\u0009I mars skulle eg eigentleg søkja på utveksling i USA eller noko sånt, men det var mange av programma der fristen hadde gått ut, så eg vart litt stressa. Plutseleg kom eg på noko eg hadde sett på Instagram for kanskje to år sidan; nemleg nokon som hadde vore på utveksling på ein båt! Eg tenkte shit, det høyrest sjukt kult ut!

Ho byrja med ein gong å google «utveksling på båt», og det tok ikkje lang tid med research før ho fann «A+ World Academy».

-\u0009Eg fann ut at det var eit utvekslingsprogram som svarar til studiespesialiserande ved norsk vgs., men på engelsk. Det inneber òg at ein bur på ein seglbåt, eller ein fullriggar, saman med 60 andre elevar. Båten eg skal bu på heiter SS Sørlandet, og er éin av tre søsterskip, fortel ho.

Eit av dei andre skipa er Statsråd Lehmkuhl, som ligg til kai i Bergen.

Glad i havet

For Solveig, som alltid har vore glad i havet, var det tanken på å kunna reisa rundt i verda som fekk ho til å bestemma at det var dette ho ville.

–\u0009Eg har vakse opp med havet, og alltid følt meg veldig komfortabel der. Å reisa er også noko eg elskar å gjera, så eg tenkte at dette var heilt perfekt for meg! Det er òg utruleg spennande å kunna få læra om så mange nye kulturar på nært hald, spesielt no som verda vert meir og meir globalisert. Og kven vil vel ikkje reisa jorda rundt liksom?, forklarer Solveig med eit smil om munnen.

Saka held fram under bildet

Solveig bur rett ved sjøen, og har difor alltid hatt eit veldig godt forhold til havet.

Solveig bur rett ved sjøen, og har difor alltid hatt eit veldig godt forhold til havet. Foto:

Heilt sidan ho sende søknaden i mars har forventingane bygd seg opp, og ho har sett på framtida med positive auge. Men no når reisa byrjar å nærma seg har ho merka at saman med forventingane, har nervane òg byrja å veksa.

–\u0009Eg gler meg jo sjølvsagt, men har merka no i det siste at eg kanskje gruer meg endå meir? Eg må jo omstille meg heilt. Det vert 10 månader med hengekøye, fleire veker av gangen utan telefon eller kontakt med nokon utanfor. No bur eg jo åleine på hybel, så åleinetid har aldri vore eit stort problem. Men no skal eg leva saman med 60 menneske eg aldri har møtt før, kvar einaste dag. Det kan fort verta ganske intenst.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Avhengig av kvarandre

Ho held fram med at det kan verta både spennande og rart å skulle vera del av eit mannskap, der alle er avhengig av kvarandre.

–\u0009Har du ein dårleg dag så kan du ikkje rope på mamma, liksom. Då gjeld det berre å bite tenna saman og gjere det som vert forventa av deg.

Sjølv om det er mange utfordringar i vente, er det framleis mykje Solveig ser fram til.

–\u0009Sjølv om det vert ein heilt ny kvardag, så vert det jo ganske vilt òg! Eg skal besøke 20 land i løpet av 10 månader! Kor kult er ikkje det? Å læra meg å segla gler eg meg òg til, det er jo ikkje noko som alle på min alder kan.

– Namibia vert kult

Av dei 20 landa som skal utforskast er det eit par som ho gler seg ekstra mykje til.

–\u0009Namibia trur eg vert veldig kult. Der er jo ein av dei vakraste ørkenane i verda! Òg St. Helena, der Napoleon døydde. Det bur berre tre tusen menneske der, og før nyleg kunne ein ikkje eingong fly dit – så eg trur det vert eit veldig innhaldsrikt besøk. Dessutan gler eg meg masse til Sør Amerika, og Afrika.

Solveig trur at dette blir ei oppleving som kjem til å påverka ho seinare. Ho forventar å læra mykje om blant anna disiplin, struktur, samarbeid og vennskap. Men òg ei større forståing for andre land og kulturar.

–\u0009Medan eg er der, og rett etter, så trur eg ikkje eg vil forstå kor givande ein sånn tur faktisk er, men håpar at eg sit att med større kulturforståing. Dei som jobbar på båtane er veldig oppteken av at vi oppfører oss riktig med tanke på kulturen i landet. Det synest eg er bra. Vi nordmenn er jo flinke til å peika fingeren på andre som kjem til landet vårt når vi meiner dei ikkje oppfører seg norsk nok, men vi er vel ikkje eigentleg så flinke sjølv trur eg.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Nære vennskap

Ho held med fram at det vert gøy å få vener rundt heile verda, og trur det vil dannast nære vennskap når ein lever saman på ein slik måte. Ho håpar òg på å oppdaga eit miljø med seglbåt, slik at det er noko ho kan halde fram med heime og ikkje berre vert lagt i gløymeboka.

–\u0009Eg vil at dette skal vera noko som opnar fleire dører for meg – ikkje at eg skal koma heim og tenkja «no har eg vore på ein seglbåt i 10 månader» og aldri tenkja noko meir over det etterpå. Eg trur at når det er over så er det ikkje eigentleg slutten på noko, men starten på noko, seier ho.

Artikkeltags