Gå til sidens hovedinnhold

Frå Nashville til Frekhaug

Solveig Leithaug med konsert på heimebane

Artikkelen er over 4 år gammel

Solveig Leithaug skal tysdag 7.mars ha konsert i Frekhaug bedehus. Konserten på «heimebane» er ein av mange konsertar på den kristne songstjerna sin turné på Vestlandet.

Solveig Leithaug er frå Frekhaug, men bur og arbeider som musikar i Nashville i USA. Ho har ei rekke plateutgjevingar bak seg, og er ein del av miljøet rundt Gaithers Southern Gospel.

No kjem ho rett frå Studio i Nashville med si nyinnspelte plate, som vert promotert på denne turneen på Vestlandet.

Musikksjangeren er country- og bluesstil og tekstane omhandlar heile livet, med klare evangeliske overtonar.

Les også

Leicester vann seriegull i England: Leithaug har venta på det umoglege i 52 år

 

Har med dottera

På konserten vil Leithaug ha både nye og gamle songar på repertoaret. Med seg på turneen har ho dottera Kari, som deltek på nokre av låtane. På konsertane vil det også bli presentasjon av fadderorganisasjonen Compassion Norge sitt arbeid.

Det er Frekhaug Indremisjon, Pinsemenigheten Betel, Meland kyrkjelyd og Norkirken Nordhordland som står som arrangør av konserten.

Les også

Bjarte Leithaug sin julesong har tatt fullstendig av

 

Kommentarer til denne saken