Serlina har signert med Universal

Serlina Wiig Sulebakk frå Frekhaug har signert kontrakt med Universal Music AS.

Serlina Wiig Sulebakk frå Frekhaug har signert kontrakt med Universal Music AS. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette er veldig spennande!

DEL

Etter deltakinga i TV2-programmet «The Stream» har Serlina Wiig Sulebakk (17) markert seg i norsk musikkbransje. I 2016 fekk ho mellom anna Gullplate med låten Målløs.

Denne veka fekk ho endå ein stor gladnyheit: Onsdag signerte ho artistavtale med plateselskapet Universal Music AS.

– Dette er veldig, veldig gøy! Det har vore snakk om det ei stund, og eg har vore i nokre møter med Universal. Men det var veldig kjekt då eg kunne skrive under for real, seier Serlina når Avisa Nordhordland ringer og gratulerer.

Betyr mykje

– Dette betyr ganske mykje. Det betyr at ein får gi ut musikken min på den alle beste måten, via eit av dei aller største plateselskapa. Det blir ikkje noko halvvegs, for Universal gjer ingenting halvvegs. Dessutan får eg eit stort og viktig nettverk rundt meg. Så dette blir veldig spennande!

Artistavtalen inneber at ho i første omgang skal gi ut to låtar via plateselskapet. Den første heiter «Puste under vann» og er rett rundt hjørnet.

– Den handlar om livet som ungdom i dag. Om generasjon prestasjon, og om at ein må prestere på alle område. Den handlar også om sakn, og å miste nokon. Mange går nok rundt og kjenner på at dei må finne ein annan veg å gå, fordi den dei er på ikkje fungerer. Men så innser ein at ein ikkje kan puste under vatn, og at ein berre må finne ein måte å komme seg gjennom alt på, fortel ho om den nye låten.

Spennande tid i vente

Serlina takkar «The Stream» suksessen, og kontrakten med Universal.

– Det er jo fordi dei har høyrt meg synge på «The Stream». Alt handlar om kva kontaktar ein får, og om ein er heldig og få opptre framfor plateselskap og får vist kva ein kan, meiner ho.

– Det blir veldig spennande tider framover, fastslår ho.

Artikkeltags