DJ Friendly tilbake på lufta

Tilbake på lufta: Erik Eriksson alias DJ Friendly utenfor Beat sine kontorer på Bryggen sammen med Beat-gründerne Njål og Linn Dyveke Wilberg. Foto: Beat

Tilbake på lufta: Erik Eriksson alias DJ Friendly utenfor Beat sine kontorer på Bryggen sammen med Beat-gründerne Njål og Linn Dyveke Wilberg. Foto: Beat

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Frå fredag denne veka er DJ Friendly tilbake med sine populære sendingar Chillmix og Clubmix. Sendingane høyrer du hjå den norske musikk- tenesta Beat.

DEL

– Etter 18 år med DJ Friendly-sendingar på NRK P3 har eg fått surrealistisk mange fine tilbakemeldingar frå mine fantastiske lyttarar, og eg har fleire spelejobbar enn noensinne. Dette har gjort meg skikkeleg motivert til å fortsette med radiosendingar på ein ny kanal eller plattform, og eg har kunne velje bland mange interesserte radio- og podkast-leverandørar frå inn- og utland, fortel den populære DJ-en Erik Erikssson, som skapte storm da det vart klart at NRK tok han av lufta.

LES OGSÅ: – Sofie drog meg med, det angrar eg ikkje på

– Enkelt å velje Beat

– Det var likevel enkelt å velje Beat som leverandør av mine nye sendingar. Tanken bak er omtrent som når eg vel musikk: Det følest alltid godt å spele noko bra frå ein uavhengig og ukjent norsk produsent, spesielt dersom alternativet er ein etablert artist på eit multinasjonalt plateselskap. Beat har ein tilsvarande utfordrarposisjon blant streaming-leverandørane, og menneska som står bak er drive av ein ekte kjærleik for den gode musikken, seier DJ Friendly.

LES OGSÅ: Miriam (20) ligg i toppen på TV2 sin musikkonkurranse «The Stream»: – Håpar å nå langt

Ein unik kurator

Hos musikktenesta Beat er gleda stor over at ein av landets mest innflytelsesrike DJ-er nå blir ein del av teamet.

– DJ Friendly representerer eit unikt og godt innhald som vi meiner er attraktivt for brukarane av Beat. DJ Friendly er ein viktig referanse innan elektronisk musikk og han har fått mange som ikkje visste at de i likte elektronika til å bli trufaste lyttarar. For Beat vil han bli ein viktig kurator med to sendingar kvar veke, spelelister og musikkanbefalingar gjennom veka, seier gründerekteparet bak Beat, Linn Dyveke og Njål Wilberg, som bur i Gulen.

LES OGSÅ:  No har Beat byrja å tena pengar – Skal heidra norske artistar

Gratis

På Beat skal DJ Friendly presentere elektronisk musikk i to egne DJ Friendly-kanalar; ein for chillout og ein for house/techno/club. Begge vil kvar veke bli oppdatert med ein heil time ny musikk. Alle kan høyre DJ Friendly Chillmix helt gratis.

LES OGSÅ: Øvar seks timar dagleg

Lanseringsfest i Bergen

Samarbeidet mellom Beat og DJ Friendly vart markert med lanseringsfest i nabolaget til Beat sitt kontor på Bryggen i Bergen, nærmare bestemt på KONo16 tidlegare i mars. Musikken stod  sjølvsagt DJ Friendly for.

– Vi er kjempeglade for å ha fått DJ Friendly med på laget og er overbevist om at dette vil bygge Beat vidare som den beste musikktenesta for norske brukarar, seier redaktør og gründer Linn Dyveke Wilberg.

Artikkeltags