Gå til sidens hovedinnhold

Rune Alver er vekas pianist: Skal spele konsert på Troldhaugen kvar dag neste veke

Artikkelen er over 2 år gammel

Rune Alver har i perioden frå mandag 25. juni til sundag 1. juli fått æra av å vere «vekas pianist» i samarbeid med KODE i Bergen.

– Eg har vore med på dette opplegget før. Det er noko KODE arrangerer på Troldhaugen kvar sommar, og der er alltid like stas å vere med, seier pianisten frå Radøy.

Speler kvar dag

Kvar dag i denne perioden skal Alver spele for dei frammøtte, under lunsjkonsertar i Troldsalen.

– Tidlegare år har det vore fullsett nærmast kvar dag, og store delar av publikum var turistar frå både Noreg og utland, seier han.

 

Han fortel at dei kjem for å i hovudsak høyre på Grieg sine verk, som gjer at han har med dei mest kjende i repertoaret.

– Eg kjem ikkje til å spele det same programmet kvar dag, men heller lage variasjonar ut av det same grunnlaget. Eg kjem til å inkludere verk frå Peer Gynt, Holbergsuiten og dei lyriske verka, fortel Alver.

Les også

Magisk lansering av musikalsk Alver-vignett

Skal ha storkonsert på sundag

1. juli inviterer Alver til konsert i Troldsalen på Troldhaugen der han blant anna får hjelp av sopran Lydia Hoen Tjore. Dei to deltok nyleg saman på NRK, KODE og Bergen Filharmoniske Orkester sitt samarbeid «Grieg minutt for minutt», der dei framførte Grieg sin opus 39.

– Framsyninga vår gjekk kjempebra, og derfor ønsker vi å framføre det same stykket om att, seier pianisten.

I tillegg skal han spele Grieg sin opus nummer seks og satsar frå Prokofiev si tonesetting til Shakespeare sitt stykke, «Romeo og Julie».

– Opus nummer seks er spesiell for Grieg, fordi det var hans første riktig nasjonalromantiske stykke, som låg grunnlaget for både hans og andre komponistar i hans samtid sine verk. Prokofiev sin musikk er på den andre sida veldig spesiell for meg, fordi det er noko uforklarlig fascinerande med rytmen og tonane som passar veldig godt saman, meiner Alver.

Han seier at han under laginga av programmet har hatt fokus på klangfarge og kontrast, som han meiner stykka frå komponistane han skal framføre er.

– Eg ønsker å legge til at min partnar denne konserten, Lydia, har eit heilt unikt «rulleblad» for å vere så ung. Eg har spelt saman med ho gjennom mange år no, og sjølv om eg stadig ser større utvikling har ho alltid vore med på å løfte spelinga mi til nye høgder, seier Alver.

Les også

Heddapris til Preben Hodneland

– Gylden moglegheit for nordhordlendingane

– Med tanke på at den forrige framføringa av opus 39 skjedde før klokka var åtte på morgonen, vil dette vere ein gylden moglegheit for nordhordlendingane til å få med seg eit flott verk skrive av Grieg i hans gamle bustad.

Dermed meiner Alver at rammene er sett for at nordhordlendingar skal ha moglegheita til å kome og høyre på verka som er samla rundt samme tema, nemleg kjærleik.

Les også

Fleire lokale skal spele under «Grieg - minutt for minutt» i helga

– I byrjinga var ikkje tematikk noko eg tenkte på for å setje saman ein konsert, men til slutt vart det berre slik. No kjem konserten meir eller mindre til å handle om kjærleik for land, natur og andre menneske.

– Det er ein heilt spesiell stemning her, og eg håpar flest mogleg har lyst til å ta turen hit neste veke for å oppleve den, seier Alver.

Les også

Arrangerer kunstutstilling på Flatøy – Laila blir samanlikna med Astrup og Monet

Kommentarer til denne saken