PÅ SCENA: Frå v: Baste(Harry), Mats(Bill), Marius(Sam), Anna(Sofie) og Goda(Donna)

«Mamma Mia!» på Ostereidet Ungdomsskule

I mange år har det vore ein tradisjon ved Ostereidet ungdomsskule å setja opp ein musikal i 10. klasse. Dette året var det like før det ikkje blei noko musikal, men sta elevar sørgde for at det blei framsyning dette året og.
Av
Publisert
DEL

Denne gongen er det musikalen «Mamma Mia» elevane skal setje opp. Arbeidet nærmar seg slutten, og om ikkje lenge skal elevane vise fram arbeidet dei har jobba med i fleire månadar. Det har vore laging av dans, øving, repetisjon, synging og kulissar har blitt laga. Mykje hardt arbeid har blitt lagt ned i dette prosjektet, både av elevar og lærarar.

Grunnen til at det blir sett opp musikal til tross for at det er 10. klasse, det året elevane skal ta eksamen, er at lærarane synest det er veldig positivt. Det tar mykje tid, men det er ikkje forgjeves! Ein kan trekkje inn fleire fag i musikalen, som norsk og kunst og handverk. I tillegg kan ein trekkje inn den generelle delen av læreplanen. Elevane skal utvikle seg, og det gjer ein i løpet av ein musikal. I tillegg vert klassemiljøet betre, og ein vert betre kjent med dei ein går i klasse med. Viss ein skal klare å lære alt ein skal kunne til eksamen, må klassemiljøet og læringsmiljøet vere bra, og det sørgjer musikalen for.

FLINKE SKODESPELARAR: Sofie og veninnene hennar. Frå venstre: Adriele, Kamilla, Lisa og Anna (Sofie).

FLINKE SKODESPELARAR: Sofie og veninnene hennar. Frå venstre: Adriele, Kamilla, Lisa og Anna (Sofie).

Arbeidet med musikalen har vore mykje meir enn berre øving, synging og dans. Det ligg veldig mykje arbeid bak ein musikal, som kulisser, sminke, kostyme, lys og meir. I tillegg er det mykje som skal lærast, som dansetrinn, songar og ikk1je minst replikkar. Det er heile tre reine dansenummer med i musikalen, og elevane har sjølv vore med å lage desse dansane. I tillegg dansar dei som syng ein god del og. Det vert mykje song og dans!

Det dei aller fleste elevane kan seie seg einige i, er at me har møtt på mange utfordringar på vegen. Det har ikkje alltid vore lett å lage dansar til dei forskjellige songane, og det er heller ikkje lett å hugse all teksten ein skal synge, tonen skal stemme, og ein må vete kvar i songen ein skal synge kva. Ikkje berre er det utfordringar for dei som er på scena, men og dei som har laga kostyme og kulissar. Det er ikkje alltid symaskina er like lett å få til, og nokre kostyme krev meir arbeid enn andre. Dei som har laga kulissar fortel at arbeidet ikkje har vore så vanskeleg, men det tek tid. Når ein skal byggje noko må det gjerast riktig, og det tek tid. I tillegg skal jo målinga tørke, og det må sjå fint ut. Det er og elevar som har jobba med PR, lyd og lys. Det har blitt laga billettar, plakatar, bilete, nokon har invitert skular og andre som vil sjå, seie i frå til aviser, skrive program og ta videoopptak. I løpet av fleire år med forskjellige musikalar har det vorte investert mykje pengar i lyd og lys. I år har fokuset vore på lys, og i løpet av åra har utstyret vorte betre og betre.

HOVUDROLLENE: Marius (Sam) og Goda (Donna).

HOVUDROLLENE: Marius (Sam) og Goda (Donna).

Å setje opp ein musikal er ikkje gjort på ei veke. Dette har teke lang tid, og elevane har jobba sidan hausten starta. Det byrja med at alle elevane i 10.klasse såg filmen «Mamma Mia». Deretter var det audition, der elvane måtte vise kva dei kunne innan song og dans. I byrjinga øva alle elevane som skulle vere på scena minst to timar i veka, nokon meir. Det var omtrent 5-6 timar til saman med øving i veka. Utover hausten vart det meir øving. Då tentamenane var ferdig i desember, byrja øvinga for alvor. Etter jul var det ingen vanlege timar. Då gjekk alle timane til musikal, både øving og jobbing med kostyme og kulissar.

Det er veldig mange som er med på scena, nokon med større rollar enn andre. Det 12 rollar, der dei største rollene er Sofie, Donna og Sam. I tillegg er det mange som skal danse og ei songgruppe.

DAGBOKA: Anna(Sofie) les frå dagboka til mora.

DAGBOKA: Anna(Sofie) les frå dagboka til mora.

Dei største rollane vert spela av Anna Hindenes (Sofie), Goda Levickaitè (Donna) og Marius Hellan Hindenes (Sam). Sofie er dottera til Donna. Ho er ei ung jente som skal gifte seg med Sky, som vert spela av Hedda Hauge Aasgård. Ho har i heile oppveksten budd hjå mora, utan nokon far til stades. Ho vil invitere faren til bryllaupet, men ho veit ikkje kven det er. Donna har alltid sagt at faren til Sofie berre var ein sommarflørt. Sofie les i dagboka til Donna, og finn ut at dei ikkje berre var 1 sommarflørt, men 3… Donna er ei vaksen dame som jobbar hardt for å tene pengar til livets opphald. Ho er veldig glad i dottera si, og vil det beste for ho. Sam er ein av sommarflørtane til Donna. Han er ein vaksen mann som er veldig høfleg og reflektert. Han kan virke litt tøff på utsida, men har er eigentleg veldig følsam på innsida.

Karstein Storsæter styrer heile prosjektet med musikalen. Han fortel at han er imponert over engasjementet til elevane. Dei har vore ivrige og motiverte. Det var mange som møtte opp på audition, og elevane var flinke. Det var vanskeleg å finne ut kven som skulle spele dei forskjellige rollene, men lærarane har prøvd å fordele det på ein god måte. Alle som vil vere på scena, skal opptre på scena. Vidare fortel han at det å lage dansenummer er ganske tidkrevjande, mens replikkar er kanskje det vanskelegaste for skodespelarane. I tillegg er det ei utfordring å klare å vere ein skodespelar med innleving. Ein må på ein måte bli ein anna person, men med kostyme og sminke vert det lettare å spele ei rolle. Det handlar og om kva ein tør. Det kan vere litt flaut i byrjinga, men med øving vert det betre. Til slutt seier Karstein at det var vore eit godt samarbeid med lærarane og at oppgåvene har blitt godt fordelt.

STILIG GJENG: Framme frå v: «Donna and the dynamos» Trude(Rose), Karina (Tanja) og Goda(Donna) med gode hjelparar.

STILIG GJENG: Framme frå v: «Donna and the dynamos» Trude(Rose), Karina (Tanja) og Goda(Donna) med gode hjelparar.

Elevane fortel at arbeidet med musikalen har vore utfordrande, men veldig kjekt. Fleire har opplevd at dei har tatt eit steg utanfor komfortsona, og at det kjennest bra å tore å gjere noko som ein utgangspunktet ikkje trudde ein kom til å få til. Det har vore vanskeleg å laga dansar, men saman i grupper har ein klart å kome fram til gode løysningar. Skodespelarane seier at det som har vore ei stor utfordring har vore å hugse alt av ein skal syngje og seie.

No er det ikkje lenge til framsyninga av musikalen. Ein kjenner litt nervar, men elevane trur nok det kjem til å gå bra. Det vert kjekt å vise fram det dei har jobba så lenge med

Til tross for at dette har tatt lang tid, det har vore slitsamt og det har vore vanskeleg, meiner elevane at det var vore utruleg kjekt. Dei er veldig glade for å ha kunne hatt moglegheita til å vere med på eit slikt prosjekt.

Artikkeltags