Gå til sidens hovedinnhold

Peruansk gitarvirtuos kjem til Meland

Artikkelen er over 3 år gammel

Fredag byr Galleri Rustica på ein sjeldan smakebit av særeigen peruansk gitarmusikk.

Gitaristen Rolando Carrasco Segovia er på europaturne til byar som Frankfurt, Brussel, Paris og Helsinki, og stikk innom Holmeknappen i Meland fredag 2. februar.

– Dette vert ein unik konsert, seier gallerieigar Leif Johnsen. Besøket er det Johnsen sin nabo som har ordna.

– Segovia er ven av min nabo Carlos Salinas, også han frå Peru. Det er det som gjer slikt mogleg, seier Johnsen.

Han fortel at i historia til den peruianske gitaren, har den andesiske måte å stemme gitaren på gitt gitaristane frå andesområdet betre høve til å uttrykke sine kjensler, vanskar og kampar, sine livsrøynsler, som solistar eller akkompagnørar.

Les også

Kjem heim med ny plate

– Dette vert ein sjeldan sjanse her i Nordhordland til å høyre gitar spela med særeigen peruansk inka-stemming.

Repertoaret på konserten skriv seg frå ulike regionar i Peru: kysten, høgfjella, og jungelen. Dei er alle stemde for solo gitar.

Før konserten vil Carlos Salinas innvie og klargjere lokalet på tradisjonell inka manér. Salinas har budd lenge i Noreg, er frå Peru og spelar fløyter, og vil delta litt på konserten, fortel Johnsen.

Les også

– Flott å feira jul i Norge – men meir fargar og fest i Trinidad

Kommentarer til denne saken