Morten stiller ut for fyrste gong - Håpar på god eksponering

SNART KLAR: I dag opnar utstillinga til Avisa Nordhordland sin eigen fotograf, Morten Sæle, i Galleri Songfugen i Garveriet i Isdalstø. Utstillinga syner eit tverrsnitt av ting han har jobba med. Salsutstillinga er open for alle, og skal stå fram til 22. november. FOTO: Gro Anette  FANEBUST

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Morten Sæle er klar med si fyrste fotoutstilling. – Dei som kjenner meg ser meg sjeldan utan kamera, seier fotografen.

DEL

– Eg har nok hatt ein draum om ei eiga utstilling, utan at den har vore så veldig konkret. Det har lagt litt i bakhovudet, men eg har ikkje hatt nok materiell til ei rein portrettutstilling til dømes, seier Sæle, som no er klar med ei utstilling som heller syner eit tverrsnitt av hans 21 år lange karriere som fotograf.

– Men her er lite av det reint yrkesmessige eg har gjort som portrettfotograf eller journalist, dette er motiv som har dukka opp på min veg, seier han.

LES OGSÅ: «Lady in red» gjekk rett heim hjå fotojuryen

Mannen med kameraet

Det har vore eit nitidig arbeid i forkant av utstillinga. Alle digitale bilde som han har tatt sidan 2003 er gjennomgått, opp mot 15 000 bilde årleg. Han sorterte seg fyrst ned til 150 bilde, og med god hjelp frå vener og familie enda han opp med 24 bilde, som frå laurdag av skal henga i Galleri Songfuglen i Garveriet i Isdalstø.

TITTELBILDE: Morten sat på t-bana i Barcelona saman med kona då han blei merksam på det eldre paret på andre sida av perrongen. Heldigvis hadde han kamera klart. Bildet er med på utstillinga. FOTO: Morten Sæle

– Eg gler meg veldig, samstundes som eg er spent, og ser fram til å visa fram kva eg har putla med. Dei som kjenner meg ser meg sjeldan utan kamera, så dei veit at eg fotograferer. Men dei veit gjerne ikkje så mykje om kva eg jobbar med, seier han om si store lidenskap og interesse.

LES OGSÅ: Vil ha ny giv i fotoklubben

Diagonal

Det er fleire som har oppmoda Morten til å koma med ei utstilling, men det var då gallerieigar Annfrid Leikvoll kom med ein direkte invitasjon, at salsutstillinga «Diagonal» vart ein realitet.

– Diagonal er namnet på tittelbildet i utstillinga og speglar av at utstillinga er eit tverrsnitt av det eg driv med som fotograf. Alle bilda er i alu-print, og i ein storleik som skulle passa både i offentlege bygg og heime i stova, seier fotografen. Utstillinga skal stå fram til 22. november, og opningstidene vert annonsert på Facebook.

Morten Sæle jobbar til dagleg som journalist og fotograf i avisa Nordhordland

Artikkeltags