Fiskelykke for Sunniva

TESTAR FISKELYKKA: Sunniva Brakstad Trå testa fiskelykka frå land på Holmeknappen. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

TESTAR FISKELYKKA: Sunniva Brakstad Trå testa fiskelykka frå land på Holmeknappen. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire hundremenneske hadde tatt turen til Holmeknappen søndag for å nyta sola og stemninga.

DEL

Kystsogevekene finn stad kvart år i august og september.

Kystsogevekene er sett saman av dagar der folk møtest og delar gode opplevingar – båtturar, aktivitetar, konsertar, føredrag, kulturvandringar, marknader og utstillingar.

LES OGSÅ: – Stort å vera tilbake i Skageneset

22 kommunar

Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kommunar i Hordaland og Gulen, og Hordaland fylkeskommune. Bak dei ulike arrangementa står ei stor gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar.

Det skriv dei sjølv på sine sider på Facebook.

Søndag var det på Holmeknappen det heile skjedde. Stemninga var høg, og folk hadde møtt opp i hopetal.

Høgdepunktet for mange var konserten med Heimalanne nede på kaien.

LES OGSÅ: Fest for det restaurerte ishuset

Oster

Men det var mykje anna publikum kunne få med seg. Tempo-utstilling, ei lita bilutstilling, både D/S «Oster» og «Vestgar» var på plass. Saman med sal av ulik mat og anna.

På eit svaberg stod og tolv år gamle Sunniva Brakstad Trå og fiska. Og ho hadde fiskelykka med seg.

– Eg har fått to fiskar, kan ho nøgd fortelja.

– Eg har fått både ei berggylte og ein annan liten fisk, seier ho.

Ho hadde tatt turen til Holmeknappen saman med familien.

– Det er kjekt å fiska, seier ho.

LES OGSÅ: Kapproing og folkefest

Artikkeltags