– Kjenn kor mjukt det er. Anne S. Johnsen stryk lett over eit gult teppe vove i ull, laga av Kristi Skintveit.

– Det er så mange som har stoppa opp ved dette teppet, men det vart seld alt på fyrste dagen av utstillinga, fortel Anne, som saman med mannen Leif Johnsen driv Galleri Rustica på Holmeknappen. Det er ei verkeleg spesiell utstilling dei har fått på plass i den rustikke løa på garden sin som haustar mange utstillingar året gjennom.

Fascinert av moteverda

Den fargerike utstillinga tilhøyrar Kristi Skintveit. Ho vart fødd på eit småbruk i Meland i 1942 og tok til å veve allereie som 10- åring. Etter skular og vev-praksis i Bergen og Oslo etablerte ho eiga vevstove i Fredrikstad i 1964.

 

Moteverda med sesongvise kolleksjonar fascinerte ho, og i 1967, etter utstillinga «Ideer og stoffer blir klede» i Oslo, vart ho tildelt den skandinaviske designprisen «Lunningprisen» for ulltekstilar til klede og samarbeid med teiknar, modellør og systove.

Tidleg på 70-talet arbeidde Kristi Skintveit som industridesignar og vevlærar til ho i 1976 fekk arbeids-stipend og i 1978 garantert minsteinntekt frå staten.

Rik mønsterarv

Så kom ei tid prega av kunsthandverkarane sin kamp for statusheving og likestilling med bildekunstnarane. Skintveit var aktiv i denne prosessen og hadde mange fagpolitiske verv. Ho tok og fleire formidlingsinitiativ som, med gode støttespelarar og samarbeid, førte til ei rekke utstillingar og etableringar.

I 1996 flytta ho til Jondal, og i 2000 fekk ho ideen om å fornya tradisjonen med ryer som båt- og sengeklede, dei såkalla nappa-ryene. I kjølevatnet av dette gav ho ut tre publikasjonar, det siste som honnør til formødrene våre og den rike mønsterarven dagens formgivarar kan ausa av.

Rørande

Under opninga av utstillinga kåserte Kristi Skintveit om sine innhaldsrike 50 år som vevar og tradisjonsinnsamlar, frå Meland og Bergen, via Fredrikstad, Oslo, København, Paris, Bergen og Jondal.

– Det var flott å høyra alt ho hadde vore med på, rørande på ein måte, seier Anne Johnsen, som er filtmakar. Johnsen søkte i si tid jobb hjå Kristi, men fekk i staden arbeid hjå mor til Kristi, der ho arbeidde med saum.

 

– Mor til Kristi var også utruleg fling med handarbeid, så eg skjøner at talentet har gått i arv, seier Johnsen.

Ryer til sjømenn

Mange let seg fascinera av dei flotte nappa-ryene, med ei glatt og ei lodden side. Glattsida er vove, og den lodne sida er knytt.

– Slike ryer vov konene til mennene sine som skulle ut på havet før i tida, fortel Leif Johnsen, som vart fascinert av dei fargerike ryene.

– På den lodne sida knytte konene gjerne eit tøystykke av ein blondekjole eller nattkjole, slik at ikkje mennene skulle gløyma, dei, fortel han.