Vidare med Venus

TIL FYLKESFINALEN: Oda Monslaup Ese frå Austrheim med bildet «Venus with tattoo artist».

TIL FYLKESFINALEN: Oda Monslaup Ese frå Austrheim med bildet «Venus with tattoo artist». Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Oda Monslaup Ese sitt maleri av kjærleiksgudinna fall i smak hjå juryen.

DEL

I sterk konkurranse frå mange flotte bidrag vart det Oda sitt maleri «Venus with tattoo artist» som gjekk vidare til fylkesfinalen.

Maleriet viser gudinna Venus frå romersk mytologi som vert tatovert på sengekanten, og er ein parodi på Tizian sitt bilde «Venus with organist».

- Ideen var å ta eit kjend renessansebilde og deretter plassere noko frå vår tid inn i bildet, seier Oda.

LES OGSÅ: Fantastisk mønstring på Fedje

Motivet er førhandsbearbeida i Photoshop, og deretter malt med akrylmaling på akrylpapir.

- Hovudfokuset mitt var å skapa rom i bildet, seier ho.

Marlene-Kristine Holsen (11) frå Austrheim har henta inspirasjon frå japansk teikneserietradisjon i sitt bilde «Sofagjengen».

- Bildet viser tre som sit saman i ein sofa, der alle held på med sitt forklarar den unge kunstnaren. Ho teiknar mykje, og lagar ho ei kjapp teikning går det gjerne berre 5-10 minutt.

- Men skal eg gjera teikninga ekstra fin går det fort nokre timar, seier ho.

LES OGSÅ: Stor bildeserie frå



Silje Marie Lie Grutle har teikna sidan ho var liten, men starta ikkje med å male før i niandeklasse. No går ho i tiande. Bildet «Tankenes verden» måla ho i førre veke, og malinga er knapt nok tørr på utstillinga.

- Ja, det er heilt ferskt. Bildet er inspirert av ungdommen, og alt presset vi har på oss, seier ho. Både kroppspress, drikkepress og mas frå foreldre er element som har fått plass i bildet.

- Eg bruker fantasien, men hentar mykje inspirasjon frå andre bilde. Eg brukar mykje pensel, men òg svamp, seier ho.

Artikkeltags