Tilbake på Raunøy

MED FAMILIEN: Sjølve dagen, 15. juli, feira jubilanten i lag med familien på Raunøy. Der har dei kost seg heile veka. private foto

MED FAMILIEN: Sjølve dagen, 15. juli, feira jubilanten i lag med familien på Raunøy. Der har dei kost seg heile veka. private foto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ho vaks opp på Marøy, og gifta seg til Raunøy. Onsdag fylte Marta Tvedt 100 år.

DEL

- I ungdomen sa mor at ho aldri skulle bu på ei øy meir, så busette ho seg på ei mykje mindre øy enn Marøy der ho vaks opp, fortel dotra Olga Tvedt.

Heile denne veka har Marta Tvedt og familien feriert på Raunøy, øya der jubilanten har budd det meste av vaksenlivet. Ein nevø har komen heilt frå Amerika for å vera med å feira tanta.

Når nh er på telefonen har både 100-årigen og oldebarnet Leah (2) tatt seg ein middagskvil.

Kjem frå Marøy

Marta er født og oppvaksen på Marøy i Radøy, som den eldste i ein søskenflokk på åtte.

- Etter konfirmasjonen bar det til Bergen og i teneste. Likevel var ho ein del heime for å hjelpa til på garden og med yngre søsken, seier dotra. Ho fortel at ei søster drukna berre to år gamal, ei anna reiste til Amerika, og at samhaldet mellom søskena har vore utruleg sterkt. Eine søstra døde i januar i år, 98 år gamal. Dei to som er 13 og 17 år yngre enn Marta, skal vera med og feira ho i dag i lag med rundt 70 andre gjestar.

Ei veglaus øy

I 1950 gifta Marta seg med Gustav Tvedt, og flytta til veglause Raunøy i Masfjorden. Der har ho budd i nesten 50 år, men fekk omsorgsbustad på Hosteland i 1996, då ho var den einaste som budde igjen på øya. Sidan har ho vore ute på øy igjen kvar sommar.

Marta og Gustav fekk fire born saman, to jenter og to gutar. Eldstejenta døde berre vel 36 år gamal. I dag tel etterkommarane også seks barnebarn og eit oldebarn.

Elskar ungar

- Mor gler seg veldig over å få besøk av oss, og er ei fantastisk bestemor. To av oss søskena bur i Oslo, ein i Bergen. Og ho har ofte inntil dei siste åra, vore flittig på besøk hos oss, seier Olga som jobbar i eldreomsorga og veit kor viktig det er med ein god alderdom.

– Mor er nesten blind og hører veldig dårlig, så vi har skaffa godt utstyr til dagen, seier ho. Og fortel at jubilanten framleis fyller dagane med strikking.

– Tidlegare strikka ho mykje sokkar, men etter tips frå aktivitøren på sjukeheimen strikkar ho lappar til lappeteppe. Det er mykje enklare når synet har svikta. Leah fekk eit nydeleg lappeteppe hos oldemor då ho vart født.

Mange tunge tak

Marta vart enke i 1993. Ektemannen var krigsseglar, og dotra er ikkje i tvil om at det er på sin plass at mora no får krigs-enkepensjon.

– Far og jobba hardt, men det er takka vera mor at dei greidde seg, seier ho.

To gonger har Marta budd på sjukeheimen. Begge gongane fordi ho hadde brote lårhalsen, først då ho var 93 og når ho var 98 år.

- Ho likte seg godt på arbeidsstova der, og ho har avtale om at ho kan få vera på arbeidsstova, med innstruks om at dei skal gje ho mat og medisinar og hjelpa ho med strikketøyet, seier dotra og ler.

Enorm livslyst

– Siste runden med lårhalsbrot var tøff, og no er det så vidt at ho føter seg med rullator. Men mor har eit velsigna godt humør og enorm livslyst.

– Eg har jo ikkje vondt, seier ho. Sjølv om ho har opplevd mykje sjukdom, med både spanskesjuke, stoffskifteproblem og gallestein.

– Eg trur at livslysta har hjelpt henne. I tillegg til at ho måtte finna ut av ting når ho budde på ei øy, og er vant til og har likt beinhardt fysisk arbeid, seier Olga.

– Og så elska ho dyra og garden, men var ikkje spesielt glad i sjøen, paradoksalt nok.

Helsing frå kongen

På turen til og frå Raunøy denne veka, vart Marta løfta i ein rullestol ned i båten og opp i ein traktor.

– Der ute har ho storkost seg med familien rundt seg, og med sjømat og krabbe som ho elskar, seier dotra.

Vel heime igjen fann ho brevet med helsing frå Hans Majestet Kong Harald V.

- Mor hadde ei kusine som vart 103, og sjølv har ho alltid sagt at ho skal bli 104, seier dotra Olga.

Blant dei som helsar på jubilanten i dag, er Masfjorden sin ordførar, Karstein Totland.

- Marta er ei utruleg flott dame, og eit rivjern med strikkepinnane. Ho har eit fantastisk minne, seier han.

Ordføraren har funne fram eit dikt av Haldis Moren Vesaas som han synest passar så fint på den flotte 100-åringen.

Å vera i livet

av Haldis Moren Vesaas

Dette: å vere i livet, open for alt ikring.

bunden med sterke røter til menneske og til ting,

gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik

var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik

Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt

at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt,

og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der

og aukar den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

Fattig var du aldri om livet du kjenne fekk

at mellom deg og dei andre levande straumar gjekk

og tillit og varme som styrkte kvart band som til livet deg batt,

og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,

at meir enn du gav, fekk du att.

Artikkeltags