Gå til sidens hovedinnhold

Startar babykino på Manger

Artikkelen er over 5 år gammel

RADØY: - Det må vera takhøgde for skriking, amming og byssing under filmframsyninga, seier Karianne Pedersen.

Måndag 18. januar vert den første babykinoen arrangert i kinosalen på Manger, med filmen «Get hard». Sidan vert det kino kvar første måndag i månaden.

Bak initiativet står småbarnsmora Karianne Pedersen.

– Kinoen er gratis, då vi filmane er medbringa og Radøy kommune gladeleg låner ut kinosalen til innbyggarane sine og andre besøkande, seier ho.

LES OGSÅ: Frode Alnæs: – Utruleg kjekt å vera på Frekhaug

Det er oppretta ei open gruppe på Facebook «babykino på Manger», der det vert lagt ut info om kinoen og filmane.

På gruppa er det fleire av småbarnsmødrene som kommenterer at dei er tilbake i jobb, men vil senda gubben av garde på kino.

– Dette er eit tilbod også for dei som ikkje har småbarn, men har tid og lyst å gå på kino. Dei må berre tola litt babyskrik, amming og byssing under filmen, seier Pedersen. Ho har ikkje sett noko øvre aldersgrense på smårollingane, men meiner dette må vera opp til foreldra sjølve å vurdera.

LES OGSÅ: Premiere på «Hair» på Ostereidet: – No er me letta

– Babykinoen er eit prøveprosjekt. Under kinovisningane er det dempa lyd og lys, og det er plass til nokre barnevogner i og utafor salen. Her skal det vera mogleg å sjå film i babyvennlege omgjevnader, seier Pedersen. Ho ønsker og foreldre og barn frå andre kommunar velkommen til babykommunar på Manger.

Kommentarer til denne saken