– Ingen i landet som slår Manger

VIL VERA GODE FØREBILETE: – For oss i Manger Musikklag er det viktig å vera gode førebilete for skulekorps-musikantane, seier MML-leiar Nils Arne Træland. Her er to av dei lovande korpsmedlemmene. Foto: Arthur Kleiveland

VIL VERA GODE FØREBILETE: – For oss i Manger Musikklag er det viktig å vera gode førebilete for skulekorps-musikantane, seier MML-leiar Nils Arne Træland. Her er to av dei lovande korpsmedlemmene. Foto: Arthur Kleiveland

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg trur ikkje det er eit skulekorps i landet som har så ekstrem god utvikling i løpet av året som nettopp Manger, seier MML-leiar Nils Arne Træland.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Manger skulemusikklag er utruleg viktig for Manger musikklag. Skulekorpset er ikkje minst uvurderleg med tanke på rekruttering til vaksenkorpset, fastslår MML-leiar Nils Arne Træland, som overrekte ein flott blomebukett og gode ord til jubilanten under konserten i Radøyhallen.

Han framhevar at fleire av dei sentrale stemmene i MML kjem frå Manger skulemusikklag, og i MML-besetninga i dag er det ikkje mindre enn ti musikantar som har bakgrunn i skulekorpset.

Vil vera gode førebilete

– For oss i MML er det viktig å vera gode førebilete for skulekorpsmusikantane. Vi tilhøyrer den same korpsfamilien, og har eit veldig godt og tett samarbeid, seier Træland.

MML-medlemane bidreg med instruksjon i skulekorpset, og dei to korpsa har hatt og har ein god del felles prosjekt ilag.  MML-leiaren er imponert over kvaliteten jubileumskorpset maktar å oppretthalda år etter år.

Ingen som Manger

Træland understrekar den verdien skulekorpset har for bygda og lokalsamfunnet.

– Det blir gjort ein fantastisk jobb. Sjølv om besetninga skiftar, med at ein del blir «pensjonistar» og aspirantar kjem inn kvart år, klarar korpset å utvikla seg utruleg bra utover i sesongen. Eg trur ikkje det er eit skulekorps i landet som har så ekstrem god utvikling i løpet av året som nettopp Manger, seier Nils Arne Træland.

I festtalen rosa Jarnfrid Gunnarson det store arbeidet som det unike foreldrelaget gjer.

– Det er utruleg kva som er mogleg å få til når musikantar og foreldre jobbar mot same mål, sa ho.

Nesten alle i Manger skulemusikklag har sin bakgrunn frå Manger skule. I utlandet har det skapt beundring at eit korps i europatoppen har medlemer som nesten utelukkande kjem frå same skule. Astrid Myrtveit kom med helsing og gåve frå Manger skule, og la ikkje skjul på at ho er imponert og stolt over korpset og det flotte støtteapparatet rundt korpset.

Ikkje kome av seg sjølv

Christel Villanger Håland helsa frå Radøy kommune, og slo fast at kommunen er veldig kry av skulekorpset.

– Når vi snakkar med folk frå andre stader i landet, så er det ofte to ting kommunen er kjend for – korpsmiljøet og Tommy (Urhaug), sa Villanger Håland, som også er forelder til ein musikant i Manger skulemusikklag.

– De er Noregs beste skulekorps; skulekorpset med flest NM-titlar. Og ikkje berre det; Manger skulekorps er heilt i europatoppen. Men det har ikkje kome av seg sjølv, det ligg ein enorm innsats bak, sa Villanger Håland, som takka alle som har stått på for korpset gjennom desse femti åra.

Mange korps

– Ungdomsarbeid som korpsarbeid kan svinga mykje, og eg trur og veit at det krevst mange gode krefter for å få det til å fungera over tid. Korpsutviklinga i Radøy er spesiell. Ingen andre kommunar i landet har så mange korps i forhold til folketalet; tre skulekorps og tre vaksenkorps. Manger skulemusikklag er ein del av ei eineståande nettverksutbygging som eldsjeler har stått for i lang tid, sa Christel Villanger Håland, som overrekte ein gåvesjekk på 10.000 kroner frå Radøy kommune. Ho formidla også ei personleg helsing frå ordførar Jon Askeland, som er på reise.

Manger skulemusikklag fekk for nokre år sidan kulturprisen, Radøy kommune si høgste utmerking.

Artikkeltags