Åtte korps frå Nordhordland er med i underhaldningskonkurransen Siddis Brass i Stavanger i helga. I elitedivisjonen stiller Eikanger Bjørsvik Musikklag, Manger Musikklag og Bjørsvik Brass.

LES OGSÅ: «Manger skulemusikklag vil alltid vera i mitt hjarte»

Spennande fight

EMBL har ei rekkje triumfar i den prestisjetunge underhaldningskonkurransen. Korpset blir dirigert av Reid Gilje.

Manger Musikklag har også mange sterke plasseringar i Siddis, og blir dirigert av Rune Hannisdal.

Bjørsvik Brass, som har utvikla seg til eit svært bra korps på få år, blir dirigert av Bjørn Sagstad.

LES OGSÅ: Korpsrørsla i bokform

Fire divisjonar

I 1. divisjon er Oster Brass med dirigent Bengt Florvåg og Radøy Brass, leia av Torstein Aagaard-Nilsen våre lokale deltakarar, medan Manger Old Star Brass, dirigert av Marit Tømmermo, stiller i 2. divisjon.

Seim Musikklag under leiing av Asbjørn Hauge og Lindås Brass med dirigent Hilde Margrethe Brevik Grytten spelar i 3. divisjon. Det vert konkurrert i fem divisjonar.

LES OGSÅ: Frå Tromsø til sommar i «brassland»

Elitedivisjonen:

Oslo Brass Band - Trond Myhre

Kleppe Musikklag - Vidar Nordli

Oslofjord Brass - Trond Husebø

Eikanger-Bjørsvik Musikklag - Reid Gilje

Krohnengen Brass Band - Bjørn Breistein

Jaren Hornmusikkforening - Tarjei Grimsby

Stavanger Brass Band - Allan Withington

Manger Musikklag - Rune Hannisdal

Bjørsvik brass - Bjørn Sagstad