Bildetekst

– Det er eit intenst stykke

Førre fredag var det urpremiere på «Songfuglen» av Jan Roar Leikvoll på Det Norske Teatret. – Eg kjenner att Jan Roar sitt univers, at songen fekk liv gav ein ekstra dimensjon.
Publisert
DEL

Det seier Christine Leikvoll, søster til forfattar Jan Roar Leikvoll, som var til stades på premieren med familien.

Romanen Songfuglen vart gitt ut i 2013. Året etter døydde Jan Roar Leikvoll, berre 40 år gamal. No kan ein altså oppleva den unike historia Songfuglen på teaterscena. I heile haust går stykket på scene 2 ved Det Norske Teatret i Oslo, med Frank Kjosås i hovudrolla som Jakoba.

LES OGSÅ: Leikvoll-bok vert teaterstykke

Førre fredag hadde stykket «Songfuglen» urpremiere på Det Norske Teatret.

Førre fredag hadde stykket «Songfuglen» urpremiere på Det Norske Teatret. Foto:

Songfuglen handlar om Jakoba, ein gut som er fødd inn i eit samfunn av berre kvinner, der «mannebeista» vert forviste til skogen eller eit liv i blinde på bordellet.

Jakoba lever livet sitt som jente for å unngå skjebnen til dei andre gutebabyane, med si gåve som songfugl.

David Aasen, Leikvoll sin redaktør i Samlaget, seier det er stort å sjå forteljinga på scena.

– For det første er det veldig stort at det skjer, det er ikkje gitt at ein norsk roman kjem til ei scene, det er stort i seg sjølv, seier Aasen.

Teamet bak framsyninga vart hylla med stormande jubel på premieren. Dramatisør Demian Vitanza (t.v.) hadde med seg eit portrett av forfattar Jan Roar Leikvoll på scena.

Teamet bak framsyninga vart hylla med stormande jubel på premieren. Dramatisør Demian Vitanza (t.v.) hadde med seg eit portrett av forfattar Jan Roar Leikvoll på scena. Foto:

– Det er ein utruleg fin anledning for forfattarskapet hans til å leva vidare, her kan ein nå eit nytt publikum, eg trur det kan føre til at bøkene held fram med å bli lest.

– Det er stort å sjå forteljinga bli plassert på ei scene. Sånn eg kjenner Leikvoll, er dette noko han sjølv ville sett pris på slik eg ser det. Dei har fanga humoren i boka, noko som mange lesarar gjerne går glipp av, det har teaterstykket fanga på ein god måte, fortel Aasen.

I stykket har songane til Jakoba fått tekstar og melodi, og kome til liv gjennom Frank Kjosås sine vokalprestasjonar.

– Eitt av dei beste grepa i teaterstykket er musikken og songen. Leikvoll var oppteken av musikk sjølv, og høyrde alltid på musikk når han skreiv, frå klassisk til metal. Fanga opp. Sjølv om det verkar overraskande og nyskapande, så er det i tråd med hans prosjekt, ei god vurdering av teateret, seier Aasen.

Det er ikkje gitt at ein norsk roman kjem til ei scene, det er stort i seg sjølv

David Aasen
– Det har blitt eit intenst stykke, seier søster til Jan Roar Leikvoll, Christine Leikvoll. Her i samtale med Ellen Birgitte Winther etter premieren.

– Det har blitt eit intenst stykke, seier søster til Jan Roar Leikvoll, Christine Leikvoll. Her i samtale med Ellen Birgitte Winther etter premieren. Foto:

Christine Leikvoll var til stades på premieren saman med den næraste familien til Jan Roar.

– Eg synest at ein kjenner att Jan Roar sitt univers, stykket bevarer og er tru mot opplevinga av boka songfuglen, det er tett opp til boka, seier Christine.

– Likevel er det heilt annleis å få det visualsert enn å lesa boken. Kulissane, skodespelarane, musikken, lyset og lyden er med på å forsterke opplevinga, det blir veldig sterkt. Det er eit intenst stykke, seier ho.

– Det å høyra musikken var ekstra kjekt, det gav ein ekstra dimensjon til historia, at songen fekk liv.

Kulissane, skodespelarane, musikken, lyset og lyden er med på å forsterke opplevinga, det blir veldig sterkt. Det er eit intenst stykke

Christine Leikvoll

Songprestasjonane til Frank Kjosås gjorde sterkt inntrykk på alle som var på premieren, og stykket har hausta gode kritikkar.

– Det er ein fantastisk musikk og ikkje minst prestasjonen av Frank Kjosås. Eg kjende at den songen kunne ikkje sleppa meg, vokalen til Frank fortsette å leva i meg i mange dagar, seier Christine.

Frank Kjosås har hovudrolla som Jakoba i stykket.

Frank Kjosås har hovudrolla som Jakoba i stykket. Foto:

Mor til Jan Roar, Annfrid Leikvoll, er målar, og driv Galleri Songfuglen i Isdalstø. Eitt av bilda hennar fekk ein heilt

spesiell meining for familien og Frank Kjosås.

– Annfrid malte det bildet ikkje så lenge etter Jan Roar døydde, det var eitt av dei første, fortel dottera Christine.

– Så vart det ståande, og ho malte ikkje vidare på det (bilde nr 3). Seinare malte ho eit nytt bilde oppå det første. Dette stilte ho ut for sal, med tittelen «Ny plattform» (bilde nr 1), seier ho. Eit sentralt motiv på bildet er nettopp ein songfugl, eit motiv som går att i mange av Annfrid sine bilde.

– Far til Frank Kjosås var på utstillinga i Isdalstø, og kjøpte dette bildet til Frank i gåve, fortel Christine vidare.

– Litt før premieren sendte Frank eit bilde til Annfrid (bilde nr 2) av kostymet dei hadde plukka ut til stykket.

LES OGSÅ: «Eg har hatt folk så mange gonger der eg har sagt til dei at dei kan måla seg gjennom sorga, men for meg sjølv var ikkje det ein tanke»

Likskapen til det bildet som no er skjult under maleriet Frank fekk i gåve er slåande, ikkje berre den gule kjolen, men den blå bakgrunnen med lysare bølgande bakgrunn på venstresida er nesten skremmande likt.

– Det gir ein litt å tenke på, det kan ikkje vera nokon andre enn Frank som skulle ha det bildet, det var meint for han, seier Christine.

– Eg trur også at stykket Songfuglen var meint for han, det er i alle fall det eg tenkjer om det, seier Christine.

Teaterstykket Songfuglen går i heile haust ut desember, og er vel verdt ein tur til hovudstaden.

Artikkeltags