Sjå stor bildeserie av framvisninga «Olsenbanden jr. på Rocker'n» av Lindås Ungdomslag

09. mai 2019, kl. 05:30

Tysdag kveld på Haugatun samfunnshus viste Lindås Ungdomslag stykket «Olsenbanden jr. på Rocker'n». Det handla om tida då Noreg fyrst fekk TV og ein talentkonkurranse blei utlyst. To band konkurrerte mot kvarandre om kven som skulle spele på TV-skjermen, og det var meir som skjedde. Lill Eldevik fekk idéen om å setje opp dette stykket og då ungdommane framførte sat ho heilt att med scenen og fulgte nøye med.