Sjølv om Baståsen ikkje ruvar meir enn 141 meter over havet, utgjer den det høgste punktet i marka mellom Eikanger og Kløvheim. Bygdelaga i området har dei siste åra gjort ein formidabel jobb med å oppgradere og merke løypenettet i marka, og stiane til Baståsen er mange og gode.

Les også

Ein smak av stølsheimen

 

Største furua i skogen

Vi parkerte ved ungdomshuset på Fammestad og fulgte merka rute mot Baståsen langs Oksavatnet, slik det er forklart på ut.no. Løypa går gjennom vakker furuskog, og på vegen går ein forbi «den største furua i skogen», ein spanande attraksjon for både store og små. Når ein kjem fram til utsiktspunktet med gapahuken i Baståsen har ein lagt bak seg 3,8 km i lett terreng. Dersom ein ønskjer å gå ei kortare rute kan ein gå frå Svindal (2,4km) eller følgje stien frå E39 (2,6km).

Flotte utsiktspunkt

På tilbakevegen valde vi å gå om Skråfossen. Sjølv om denne ruta er eit par hundre meter lengre enn den vi gjekk på veg opp er den vel verdt det. Spesielt om ein legg inn nokre avstikkarar for å oppleve den flotte utsikta frå pausebenkane som er laga til langs stien. Turen går for det meste gjennom flott furuskog, men det kan likevel vere greit å velje vasstette sko, så det er ein del blaute parti på vegen.

 

Manglar du nokre turar du hadde tenkt å gå, eller har du vore på tur i sommar utan å sende inn sjølfiane dine? Då må du skunde deg ut i marka og leggje ut bileta på Instagram eller sende dei inn på MMS innan fristen 31. august. Ein vinnar får ein tursekk med topp med innhald verdt ca. 3000 kroner.

UT PÅ TUR

Knarvik Senter og Avisa Nordhordland vil i ein serie i sommar presentere dei ti flotte fjelltoppane som er med i Tursekken 2017. Dette er ein konkurranse fram til 31. august i regi Knarvik senter og ei rekke samarbeidspartnarar, deriblant Avisa Nordhordland.

Turstoffet er levert av skribent i Senteravisa, Benedicte M. Torsvik, og turgåarar som deler bilde på Instagram.

All informasjon om korleis du deltar i konkurransen finn du på www.knarviksenter.no. Last gjerne opp bilde på Instagram med emneknaggen #avisanh i tillegg.