Spesiell haust for pianisten: Skal spela nazivennleg musikk i Griegs heim

KONSERT: I morgon held pianist Rune Alver konsert på Troldhaugen.  Her ved flygelet til David Monrad Johansen i Asker under innspeling av all musikken hans, som kjem ut på CD på nyåret. foto Anna-Julia Granberg, BLUNDERBuss

KONSERT: I morgon held pianist Rune Alver konsert på Troldhaugen. Her ved flygelet til David Monrad Johansen i Asker under innspeling av all musikken hans, som kjem ut på CD på nyåret. foto Anna-Julia Granberg, BLUNDERBuss

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Sundag spelar Rune Alver i konsertserien «Kunst i kamp» på Troldhaugen.

DEL

KODE si utstilling «Kunst i kamp» er ei påminning om mørke flekkar i kunsthistorien. Troldhaugen følgjer opp med tre konsertar som ei musikalsk forlenging. Den første er i morgon, der Signe Lund og David Monrad Johansen står på programmet. Dei var begge norske komponistar som stod på tysk side under krigen.

LES OGSÅ: Får selskap av sjølvaste

Ulik behandling

- David Monrad Johansen opplevde i stor grad å bli reetablert og anerkjend som komponist etter å ha sona ein lang landssvikdom. Signe Lund derimot fekk sjølvbiografien sin makulert og vart nesten heilt gløymt. Det er hjarteskjerande å lesa om måten ho vart behandla på, seier Rune Alver.

På konserten er og sopran Anne Cathrine Eiken, pianist Audun Kayser og Agnes Rugevica på cello med.

Publikum får presentert soloklaverstykker av dei to komponistane, i lag med eit utval av Lund sine songar og Johansen si cellosuite frå krigsåret 1943.

- Eit fascinerande verk som sjeldan vert spelt, seier Alver.

LES OGSÅ: – Himmelsk akustikk

I Minneapolis

Nyleg medverka Rune Alver ved Leif Erikson-dagane i Minneapolis.

- Ei veldig kjekk oppleving med masse folk, der eg fortalde om Grieg og andre norske komponistar, seier han.

Alver held og konsert ved St Olaf College i Minnesota.

LES OGSÅ: Ein blå blome frå pianisten

Kina på vent

Den mest spesielle opplevinga denne hausten har nok vore det å måtta avlysa den lenge planlagte Kina-turnéen.

- Turen har vore planlagt eit halvt år, men eg vart ikkje innvilga arbeidsløyve på grunn av fredsprisutdelinga frå 2010, seier Alver.

Ein impresario hadde lagt opp sju konsertar.

- Som kinesarar flest visste ikkje han om denne typen reaksjon på diplomatisk nivå, seier Alver som hadde «bange anelser», men hadde gledd seg til å få sjå ein god del av Kina under opphaldet.

Artikkeltags