I helga vert det ein heilt spesielt marknad på Lygra

I helga vert det viking- og mellomaldermarknad på Lygra. - Vi går inn i ei anna tid og skal ut på ei tidsreise, seier Liv Margareth Alver og Johnny Osberg i Norhdordland Frie Vikinger.

I helga vert det viking- og mellomaldermarknad på Lygra. - Vi går inn i ei anna tid og skal ut på ei tidsreise, seier Liv Margareth Alver og Johnny Osberg i Norhdordland Frie Vikinger. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi går inn i ei anna tid og skal ut på ei tidsreise.

DEL

Det seier Liv Margareth Alver og Johnny Osberg i Nordhordland Frie Vikingar.

I helga (10-12 juni) arrangera dei for fjerde år på rad viking- og mellomaldermarknad på Lygra, i Lindås kommune.

Marknaden skal vera på Lyngheisenteret, som dei samarbeider med.

For heile familien

– Dette er eit hyggeleg og familievennleg arrangement, som passar for alle. Det er kjekt både for store og små, seier Alver til Avisa Nordhordland.

På marknaden kjem det til å vera sal og formidling av handverk, vikingmat, bueskyting, kampsport og leiker.

– Vi som arrangera dette har på oss klede og sko som er laga etter gamle mønster, og vi ser dermed ut som vikingar, seier Alver, som vidare fortel at marknaden kjem til å sjå ut akkurat slik vikingleirar gjorde på den tida.

LES OGSÅ: Vikingliv i tida som aldri før

– Inn i ei anna tid

Alver fortel at ein på marknaden ikkje kjem til å sjå noko som helt moderne teknologi.

– Bland oss vikingar eksisterer ikkje TV, data, mobil og iPad.

Alver håper mange kjem for besøka marknaden, og lovar ein spesiell oppleving.

– Ein får ein fri frå kvardagen og verkelegheita, og går rett inn i ein anna tid.


Artikkeltags