– Wow! Så flott. Og så stor ull-byen blei! Sander Sylta (12) har tatt turen ned til opninga av Ullbyen i Knarvik, saman med Helene Småland (10), Magnus Haugsdal (8), Noah Urdal Hauge (8) og Ronja Marie Edvartdal Hauge (12). Dei går alle på Knarvik barneskule, ein av dei mange skulane i Nordhordland som har bidrege med kreative innslag til ullbyen. Sander har laga ei fotballbane i ull, og spelarane er gule «Minions».
Minions og klovnar
– Vi er mange i klassen som likar fotball, og så synest vi «Minions» er artige. Vi fann ut at vi ville kombinera dei to tinga, fortel han ivrig.
Ronja viser fram den farge- rike klovnen ho har laga.
– Klovnar er morosame. Eg tenkte ullbyen trengde litt humor, seier ho med eit smil.
Imponert
Ullbyen fyller no meir enn 200 kvadratmeter i Knarvik Senter. Senterleiar Åge Torsvik er heilt imponert over alt det kreative borna har nålefilta.
– Fotballbane, robotar, fyrtårn, bondegard. Det er utruleg kor kreative borna har vore, seier han. Sambuar Bente Fyllingsnes har verkeleg kost seg med arbeidet med å setta saman ullbyen.
– Det er så utruleg flotte ting i kvar einaste eske eg pakkar opp. Det er berre heilt imponerande kva dei har fått til, seier ho.
Ein skuleklasse vert trekt ut, og får eit gåvekort på 2000 kroner frå Knarvik Senter i samband med prosjektet.
Større enn venta
Ideen til ullbyen kom i fjor, og det var Anne Merete Solbakken i Hillesvåg Ullvarefabrikk som fekk ideen, saman med ein kollega. Ullvarefabrikken inviterte skular til å bidra, og arrangerte kurs for lærarane, og sponsa skulane med ull, saman med Knarvik Senter.
– Det var ein utruleg entusiasme mellom lærarane, og det er tydeleg at den har smitta over på elevane, seier ei strålande fornøgd Solbakken. Ho synest det har blitt ein sjarmerande og fargerik by.
– Den blei mykje større enn vi hadde sett for oss. Eg trur folk kjem til å verta overraska, seier ho.
Ullbyen står i dei gamle lokala til Fargerike i Knarvik senter dei neste 14 dagane.
Varm respons
Utstillinga er ein del av Ullveka 15.
– Ullveka ønskjer å setta fokus på at born og unge skal få betre kjennskap til norsk ull. Difor inviterte vi også til eit kreativt fellesprosjekt med ull som råvare, seier Solbakken.
Prosjektet fekk varm respons frå skulane i heile Nordhordland, som har laga tredimensjonale figurar i 100 prosent norsk ull.
Ullveka 15 byr på ei rekke ulike arrangement der mange solide aktørar ønsker velkommen til ein varmande tidagarsfest med ull på menyen. Her vert det fest, skaparglede og kreativitet i ulla sitt teikn.
Det vert demonstrasjonar og workshops, kurs og utstillingar, samt mange ulike arrangement. Informasjon og program kan ein finna på www.ulluken.no.