Deler interesse med bestemor

GLAD I HANDARBEID: Marielle Lygre Storheim (20), Lene Lundervoll (25) og Conny-Iren Dale (22) er glad i å strikka og hekla. Her er dei på Strikkekaféen i Knarvik senter.alle foto: IRENE B. JENSSEN

GLAD I HANDARBEID: Marielle Lygre Storheim (20), Lene Lundervoll (25) og Conny-Iren Dale (22) er glad i å strikka og hekla. Her er dei på Strikkekaféen i Knarvik senter.alle foto: IRENE B. JENSSEN

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Eg har høyrt at handarbeid skal vere bra for helsa, så her strikkast og heklast det mykje!

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Det seier Lene Lundervoll (25), som saman med veninnene Marielle Lygre Storheim (20) og Conny-Iren Dale (22) møtte opp på Strikkekaféen på Kulinarisk onsdag denne veka. Forfattaren bak boka «Hekling til småfolk» var også til stades for å visa fram arbeida sine og dela av sine erfaringar rundt den nye heklemetoden, som no har nådd Norge.

– Eg er veldig glad i å hekla, og er spesielt glad i å hekla dukar i alle fasongar, seier Lundervoll.

LES OGSÅ: Eit livsverk med vev

Bestemor er happy

Lundervoll har alltid vore glad i handarbeid, og driv også med strikking og sying.

– Det kjekkaste med å driva med handarbeid er at eg har ei felles interesse med mamma og bestemor. Det er fint å kunne vera sosial saman med dei. Bestemor er superhappy for at eg heklar og strikkar, og at hobbyen ikkje døyr ut.

Conny-Iren fortel at ho får mange positive tilbakemeldingar på sin kreative hobby.

– Eg har opplevd at eldre damer har komme bort til meg på bussen, og seier at det er så godt å sjå unge jenter som driv på med handarbeid, seier ho.

LES OGSÅ: Har budd på Fedje heile livet

– Personleg gåve

Forfattaren bak boka Hekling for småfolk, Vibeke Fantoft Magnesen, har laga enkle oppskrifter med kosedyr, uroer og rangler.

– Meininga er at ein skal kunne lære seg å hekla utan å ha røyrt ein heklenål i sitt liv. I boka er det også ein hekleskule, og ei rekkje tips, seier Magnesen, som fekk idéen til å laga boka oktober i fjor.

– Eg ville læra meg å laga slike figurar, men fann få oppskrifter på norsk. Eg byrja å lage eigne oppskrifter, og plutseleg hadde eg ein bunke.

Interessa er overveldande. På ei veke var første opplag på 3500 bøker revet bort.

– Det er kjempegøy at boka har vorte så godt mottatt.

LES OGSÅ: Her surfar dei på strikkedilla-bølga

Artikkeltags