1 VED PÅ RYGGEN: Eit flott bilde av eit ektepar frå Nordhordland som har vore i Bergen.

«Bergen kunne ikkje gått rundt utan nordhordlendingane»

– Bergen er ikkje bergensarane sin by, den er strilane sin by. Den er fylt opp av nordhordlendingar.
Publisert

Det seier Gina Dahl. Saman med Bjørn Bagge har ho laga ei reiseskildring om Bergen i 1765.

– Det me fann ut at det hadde ikkje vore nokon by utan strilane, seier universitetsbibliotekar Bjørn-Arvid Bagge.

– Bergen hadde ikkje hatt innbyggarar utan nordhordlendingane. Det kunne ikkje gått rundt utan dei. For det er dei som arbeidar i byen, det er nordhordlendingane som skaffar mat til byen og dei skaffar ved til byen. Og når byen brenn, er det nordhordlendingane som kjem til byen og bygger den opp att med tømmer og arbeidskraft, seier Gina Dahl.

Nordhordlendingar har alltid strøymt til byen i store mengder, og dette har gått for seg i hundrevis av år. På 1700-talet busette alle seg stort sett i same område også. Og det var i området rundt Korskirken. Det handlar om nettverk, seier Dahl.

– Der var det folk som kunne hjelpa til med husly, mat og jobb. For det nettverket mista du jo heime då du drog derfrå, seier ho. Og bergensarane var svært avhengig av alle desse nordhordlendingane som tok turen inn til byen og etablerte seg der.

LES OGSÅ: Deltok tipp-tipp-tipp-tipp oldefar din i den berømde Strilekrigen?

Byen var prega av kummerlege forhold, der all kloakken rann i gatene og gjerne ned i brønnar, folk døde unge av mageonder og pest og fødselsunderskota var store. Nordhordlendingane som flytta til Bergen og byrja gjerne som tenarar og handverkarar.

Bagge og Dahl har nett publisert ei bok som er ein reiseguide til Bergen i 1765. Kvar et du? Kva kjøper du? Kvar reiser du? Korleis var byen? Korleis fungerte den? Det var då forfattarane fekk seg ei a-ha-oppleving.

– Den avhengnaden av omlandet vart me litt paff av. Det var ikkje slik me trudde då me byrja. Då trudde me det var tyskarane som fylte opp byen, men det var folk frå nærområdet. Det mest folkerike området då var Nordhordland, seier Bagge.

Bergensarane var heilt avhengige av nærområda når det kjem til handel, der er derfrå dei får alt dei et og drikk.

– Dette er ein by som ikkje har elektrisitet, så tenk deg kor mykje ved dei måtte importera til byen til både matlaging og til å halda varmen. Det var kanskje minst lika viktig, som å ha nordhordlendingane til å bygga opp att byen etter brannane, peiker Dahl på.

 I 1765 budde det 13.000 menneske i Bergen. i 1757 vart det importert 1.250.000 liter brennevin til Bergen.

I 1765 budde det 13.000 menneske i Bergen. i 1757 vart det importert 1.250.000 liter brennevin til Bergen.

Så sel dei tilbake det ein ikkje kunne laga på landet, som korn og brennevin.

– På landet var det forbod mot heimebrenning, men det var det ikkje i byen. I tillegg vart det importert mykje brennevin, seier Bagge.

Og mykje er ikkje noko overdriving. I 1765 budde det 13.000 menneske i Bergen. i 1757 vart det importert 1.250.000 liter brennevin til Bergen.

LES OGSÅ: – Må ikkje gløyma historia

Boka deira er bevist lagt til 1765, for det er eit tidspunkt dei ser på som ei brytningstid for byen. Det er då dei fyrste avisene og tidsskrifta kjem, det er då Harmonien vert etablert, rett og slett ein del av dei tinga ein tykker er viktige i dag. Og som eit apropos er det jo sjølvsagt verdt å nemna at Bergen Filharmoniske Orkester er eit direkte resultat av Nordhordland og nordhordlendingar. Orkesteret vart etablert for å spela på ein fest, arrangert til ære for dei som kom for å granska kva som eigentleg hadde gått føre seg i nokre aprildagar i 1765, då tusenvis av strilar strøymde til byen, rasande på ein ekstraskatt dei mislikte.

Bjørn Bagge og Gina Dahl har laga ei reiseskildring om Bergen i 1765.

Bjørn Bagge og Gina Dahl har laga ei reiseskildring om Bergen i 1765.

Gina Dahl jobbar til dagleg på Statsarkivet, og hjelper mellom anna folk som driv på med slektsgransking.

– Eg plar seia til bergensarane at etter to generasjonar er du oftast komme utanfor byen. Ein gong var det ein som me klarte å gå fire generasjonar bakover på i byen. Då sa eg gratulerer til, ho, seier Dahl, for å illustrera kor mange innflyttarar som alltid har komme til Bergen gjennom åra.

LES OGSÅ: Ei ut av skapet-forteljing

Artikkeltags