Opnar juleutstilling: – Vi må ikkje gløyme håpet

Annfrid Leikvoll opnar utstilling i Galleri Songfuglen.

Annfrid Leikvoll opnar utstilling i Galleri Songfuglen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Torsdag opnar Annfrid Leikvoll si juleutstilling i Galleri Songfuglen i Isdalstø.

– Her kan folk få ein pause i julemaset og ei oppleving for sansane. Eg vil visa lyset i denne mørketida, tenna eit lys for håpet. Det er eigentleg det viktigaste, at vi ikkje gløymer håpet oppi alt, seier Leikvoll.

– Det er veldig godt å få sitta å mala, då går eg inn i ei verd som er utruleg spennande der eg kan kobla ut intellektet og går inn i det ubevisste, seier ho.

LES OGSÅ: Nok ein elev av Annfrid Leikvoll stiller ut i Galleri Songfuglen – For meg er maling terapi

Artikkeltags