Det var, som fleire av talarane påpeikte, «stinn brakke» i Annfrid Leikvoll sitt nye galleri «Galleri Songfuglen» då ho opna måndag. Kjende og ukjende hadde tatt turen for å sjå galleriet, og dei vakre og fargerike bilda.

LES OGSÅ: undefined

– Galleriet er heilt unikt med den flotte utsikta ut over sjøen, og i gamle historiske lokale. det er heilt fantastisk, seier Ingvald Kallestad, som sjølv driv med acrylmåling på fritida. Han liker veldig godt det han får sjå på opninga.

– Det er mange flotte og fargerike måleri her, og ein kan sjå på dei og stadig oppdaga nye ting ved dei, seier Kallestad.

Ein draum

Margareth Fjeldsbø har tatt turen frå Meland, og kjenner Annfrid godt. Ho var nemleg ein av Annfrid sine fyrste kundar då ho opna helsesalong i Knarvik i 1988.

LES OGSÅ: undefined

– Måleria til Annfrid ser veldig spennande ut, og så målar ho med flotte fargar som eg likar godt, seier Fjeldsbø. Ho er glad for at Leikvoll har fått fast galleri i Isdalstø. Annfrid Leikvoll starta måla i 1998, og debuterte med utstilling i Bergen i 2002. Seinare har det blitt mange separatutstillingar både i inn- og utland. Ein draum vert no realisert når ho no får stilla ut bilda i eige galleri i Nordhordland.

Meisterverk

Opninga var prega av superlativ, ikkje berre for arbeidet til kunstnaren, men og for den varme personen som ho er.

Medhjelpar Helge Haugland er stor fan av arbeidet til Leikvoll, og har hjelpt ho med fleire utstillingar.

LES OGSÅ: undefined

– Frå lyse og duse bilde til meir fargerike bilde har det gått i epokar sidan 2004. Eg vil påstå at det har komme nokre meisterverk, og nokre av desse er eg så heldig å ha på veggen heime, sa Haugland. Han fortalde at Annfrid sine bilde er inspirert av menneska, og det største av alt, nemleg kjærleiken.

Musikalsk opning

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes opna galleriet med song og gode ord, og KORINOR stod for noko av det musikalske under opninga av «Galleri Songfuglen».

LES OGSÅ: undefined

– Bilda til Annfrid er nære, varme og gode, sa ordføraren, som også trekte fram kunstnaren som eit varmt menneske.