Ni kunstnarar stiller ut på kaien i Isdalstø

Det er stor variasjon over kunstutstillinga i Galleri Songfuglen i Isdalstø 21.-24. november.

DEL

Denne gongen er det ni kunstnarar frå Os, tilknytta gruppa KIOS, som har utstilling i Galleri Songfuglen. Dei stiller ut maleri i olje og akryl, digitale trykk, teikningar med kol, pastellkritt og tekstilbilete. Alle arbeida er for sal.

KIOS har hatt fleire utstillingar i ulike lokale på Osøyro. Nokre av kunstnarane har òg deltatt på utstillingar i Bergen, Fjell, Drammen og Trondheim. No gler gjengen i KIOS seg til å koma til Nordhordland og til Galleri Songfuglen.

Gruppa har felles atelier i Os sentrum, og er sett saman av utøvarar med ulik yrkesbakgrunn og med stor spreiing i alder. Denne fargerike gruppa biletkunstnarar skaper alt frå klassiske maleri med stor detaljrikdom, til stiliserte, formsikre digitale trykk. Inspirasjon er henta frå naturen, menneske, arkitektur og livet elles, og uttrykt i naturalistiske og meir abstrakte tolkingar.

Dei ni kunstnarane er Margunn Tveitnes, Ann-Lisbeth Negård, Jan Haaland, Gro Fjeldtvedt, Randi Hjertaas, Rita Barstad, Rigmor Sletnes, Anita Gudding Aslaksen og SiriJanne Llanos. Dei oppmodar folk å ta med seg familie og vener til utstillinga.

Utstillinga vart opna torsdag, og er open fredag til søndag.

Artikkeltags