Hordabø Skulemusikklag markerte 50 årsjubileum: – Korpsmusikk er i endring, men det er heilt ok

Laurdag feira Hordabø Skulemusikklag sitt 50 årsjubileum med show og fest i Hordabøhallen. Skulekorpset slo til med eit supert ABBA retro-show, saman med band og vokalistar. Denne type show har vorte eit varemerke for korpset, med dirigent Stein Paulsen i spissen som showmakar og dirigent.