«Når vi har vaska golvet og vi har børi ved…»

TRADISJON: Kjersti Wiik seier at ho har halde på med Litlejulaftakonsertar sidan seint på 1990-talet. FOTO: privat

TRADISJON: Kjersti Wiik seier at ho har halde på med Litlejulaftakonsertar sidan seint på 1990-talet. FOTO: privat

Igjen er det klart for Litle julafta-konsert i Knarvik kyrkje.

DEL

Arrangøren lovar mange dyktige musikarar og songarar. Dei vil syte for ein variert og godt program der du også sjølv kan delta i allsongen, eller berre senke skuldrane og kjenne julefreden senka seg i sjel og sinn.

Kjersti Wiik seier at ho har halde på med Litlejulaftakonsertar sidan seint på 1990-talet – då i Alversund kyrkje, men det er no 4. året i Knarvik kyrkja.

Med på laget har Wiik mange dyktige musikarar og songarar.

– Saxofonist og fløytespelar Trygve Hellesen frå Sotra har vore med på desse konsertane i svært mange år, seier ho.

Han er ein ettertrakta frilansmusikar som reiser rundt heile landet på speleoppdrag.

Kapellmeister

I år er det radværingen Frode Skag Storheim som er kapellmeister og trakterer orgel og piano. Han er tilsett som organist i Radøy, men er også ein ettertrakta akkompagnatør i ulike samanhengar.

– Svært kjekt at vi skal få høyre skikkeleg orgelbrus på denne konserten, seier Wiik.

Maria og Rebekka Eikefet er to namn som også kling kjent i våre øyrer. Sist vi høyrde dei var under «Juleoratoriet» av Bach i Knarvik kyrkje 9.desember der Maria også var konsertmester. Dei har begge starta sine karrierer og utdanning i Lindås kulturskule. Seinare har dei studert ved Norges Musikkhøgskole. Maria spelar i og er dagleg leiar for Ensemble Allegria. Ho er i år distriktsmusikar i Sortland og har gjort over 200 konsertar med trioen Ensemble Blå. Rebekka har studert ved Norges Musikkhøgskole der ho m.a .har hatt Aage Kvalbein som lærar. Ho har spelt mykje på kurs med Ungdomssymfonikerne. Trass i sin unge alder har ho vikariert i større orkestre som m.a Bergen Filharmoniske orkester. Etter 2018 ventar mastergradstudiar i inn- eller utland.

Ingen skikkeleg julekonsert utan kor, og dette er samansett av Kjersti sine kulturskuleelevar samt private studentar. Mange kjenner til Sara Helen Romarheim si klokkeklare stemme.

Thea Berge som har sine røter i Meland er det mange som etter kvart kjenner til.

Artikkeltags