HalloVenn-fest til tusen

Festlege og fargerike kostyme, hoppeslott, godteribank, klovn og tryllekunstnar. Det var berre nokre av dei mange aktivitetane då over 400 barn og nesten like mange vaksne tok over både kyrkjesalen og kyrkjekjellaren i Knarvik på den store HalloVenn-festen.