Spelte for nytt publikum på Spurkeland gard

Slik gjer vi det her: Håkon den gode prøver å overtyde Sigurd Jarl om å innføre kristen julefeiring slik dei har i England.alle foto: olav sollid

Slik gjer vi det her: Håkon den gode prøver å overtyde Sigurd Jarl om å innføre kristen julefeiring slik dei har i England.alle foto: olav sollid

Av

Årets julespel på Spurkeland gard hadde eit heilt spesielt publikum.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Laurdag og søndag arrangerte Ole Kristian og Silje Kjenes igjen juleteater for bygdefolket og andre som ville kome. Begge dagane var det fullt hus i løa på garden, og folk vart oppmoda til å setje seg tett saman.

I år hadde teateret ein ny vri. Juleevangeliet blei fortalt av vikingkongen Håkon den gode, som ville bytte ut den hedenske solfesten dei heldt den 21. desember, og erstatte denne med ei kristen julefeiring den 24. desember.

LES OGSÅ: Ole og Silje vil bygga fiktiv gravhaug som ein kan gå inn i

Sigurd Jarl var ikkje glad for det, men han fekk noko å tenkje på då Håkon fortalde den gode bodskapen. Håkon hadde sjølv blitt ein kristen då han vaks opp hos kong Adelstein i England.

Besøk frå Vågseidet

Blant alle dei skodelystne var det to minibussar med asylsøkjarar frå Vågseidet. Ole Kristian samla dei før start for å foklara innhaldet i teateret, og innvandrarar som har vore ei tid i landet, tolka det han sa til arabisk, tigjrinja og pashto.

Chadi og Yara budd eitt år i Alta før dei kom til Lindås og Knarvik, der dei no er busett. Chadi deltok som tolk for unge syrarar og ein arabisktalande ungdom frå Irak. Chadi og Yara har ei spesiell historie å fortelje.

LES OGSÅ: Singel & Sand har sett ny rekord for Hordaland Teater

Han drog frå Syria med fly til Moskva på turistvisum hausten 2014. Så vart han sendt tilbake til Tyrkia. Han blei så med på ein farleg vinterseilas over til Hellas. Frå Hellas reiste han vidare nordover.

Låg under ein lastebil

I tre dagar låg han under ein lastebil og kom seg til Østerrike. Der venta han til oktober 2015. Den same hausten drog kona, dei to borna deira samt mora til Yara til Moskva med fly. Dei rakk å kome seg over den opne grensa i Finnmark og til Noreg. Etter 13 månader borte frå kvarandre kom dei saman igjen på asylmottak i Alta. No trivst dei godt i Lindås og har fått mange vener. Dei går på norskkurs og lærer fort. Barna går i barnehage og på skule. Dei er svært takknemlege for støtta dei har fått, og vil gjerne takke både kommune og innbyggarar i Lindås.

Artikkeltags