Hordabø med ny suksess - sjå bildeserie

Hordabø skulemusikklag har innkassert ein ny suksess med sitt konsertkonsept med gjestar og solistar. Denne gongen med gospel som tema i Hordabø kyrkje, og med musikk mellom anna frå Freselsarmeen sitt musikalske skattkammer. Publikum i ei fullsett kyrkje sette stor pris på det dei høyrde. Tidlegare har skulekorpset under leiing av dirigent og showmaster Steib Paulsen levert tilsvarande prosjekt med solistar og band innanfor ulike sjangrar. For dei som ikkje fekk med seg konserten på Bø er det ny mulegheit å få med seg denne opplevinga i Emigrantkyrkja på Sletta 8. desember. Sjå bildeserien frå konserten, med Vibeke Namtvedt bak kamera.