Gå til sidens hovedinnhold

Stilte ut unike kulturskattar

Artikkelen er over 4 år gammel

Brekke Bygdekvinnelag har arbeida med å få til ei utstilling av dei mange vakre og varierte dåpskjolane som ligg godt lagra rundt om i bygdene her.

Vi merka at interessa for denne utstillinga var stor, og i alt 55 ulike dåpskjolar vart innsamla og stilte ut i Breidvik og Bålen Grendehus. Dei fleste dåpskjolane var sydde av trottige og nøyaktige kvinnehender, i tillegg til ein del hekla og strikka produkt. Dåpskjolar vart vanleg i bruk her i landet frå siste del av 1800-talet, og vi kunne vise fram to frå 1883, og fleire frå 1890 talet, og vidare til fram til i dag. I det heile ei interessant, fin og variert samling.

Dåpssmekke

Det har alltid vore ein eigen klebunad for kyrkjelege handlingar, slik og med dåpskleda. Før dåpskjolen kom i vanleg bruk, vart dåpssmekke, også kalla kristnableie, brukt. Desse liknar bringedukane til bunad, men er om lag 37 cm lange, oftast laga av raudt ullstoff, og vart nytta både til jenter og gutar.

Dåpssmekkene var i bruk frå 1600, og vart lagde over brystet til barnet, når ein heldt det fram mot døypefonten. Vi var så heldige å ha tre slike dåpssmekker med på utstillinga, saman med ei fin, raud, perlepynta dåpshue. Fargen og pynten på desse dåpskleda skulle verne barnet mot vonde makter.

Det var viktig at barna vart døypte så fort som mogleg etter fødselen. Kyrkjeferda var ofte lang og krevjande, og gjekk føre seg heile året i all slags vêr. Då var god» innpakking» av dåpsbarnet av stor betyding. Her brukte dei ytst eit spesielt vove teppe eller åkle, kalla skillbragdteppe eller kristnateppe, som vart bretta omkring dåpsbarnet etter eit fast mønster. Til slutt vart berelinde, eit tre meter langt band, vove i bandgrind, festa rundt barnet og den som skulle bere barnet på vegen til kyrkja. Dette var før barnevogna si tid.

Utstillingsdagen strøymde det på med folk, og Breidvik og Bålen Grendelag stilte med middag, dessert, kaffi og kaker til dei som ønskte å kjøpe det.

Positivt tiltak

Store og små såg ut til kose seg med utstilling og mat, og ifølge to av dei, Aashild Rutledal og Wenche Midtun, var dette eit positivt tiltak. Dei var og imponerte over mangfaldet av dåpskjolar, og at folk var flinke til å ta vare på desse.

Leiaren i Brekke Bygdekvinnelag, Haldis Brekke og hennar hjelparar, har utført eit stort dugnadsarbeid med denne utstillinga, og Sigmund Bleie har fotografert alle dåpskjolane. Bilda av desse vil bli sette inn i ein perm som er å finne på biblioteket i Brekke.

Denne utstillinga synte oss at vi har ein flott kulturarv som det er viktig å ta vare på, og ikkje minst, slike opplegg er med på å binde dei ulike grendelaga i kommunen betre saman.

Stor takk til alle som let bygdekvinnelaget få låne og stille ut desse verdifulle kulturskattane.

Kommentarer til denne saken