Annfrid klar med ny utstilling

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne helga presenterer Annfrid Leikvoll ny salsutstilling i Galleri Songfuglen.

DEL

Leikvoll starta å mala i 1998 og debuterte med utstilling i Bergen i 2002. Seinare er det blitt mange fleire separatutstillingar både i inn- og utland.

Ho finn stor glede i å få stilla ut bilda sine i eige galleri, og etter opninga for to år sidan har Galleri Songfuglen i Isdalstø alt vorte eit kjent landemerke for kunstinteresserte i Nordhordland. Både lokale og andre kunstnarar har både arbeida i galleriet og stilt ut i her.

– Malinga har alltid vore ein del av livet hennar, dei 20 siste åra har ho malt på heiltid.

– Det er naturleg for meg å mala med hjarte. Dette er ein føresetnad for at penselen skal få flyte fritt inn i det ukjente landskapet, seier ho.

Ho kjenner på gleda og fridomen i prosessen med å mala ut stemningar og livssituasjonar med hjartespråket, og vonar dette kan vera til glede og inspirasjon for dei som ser bileta.

Artikkeltags