Det seier Kristin Wenneberg, som er ein av dei fire kunstnarane som onsdag opna kunstutstilling i Galleri Songfuglen i Garveriet.
– Stiller seg sjølv ut
Det var stinn brakke då Wenneberg, saman med Natalie Reyes-Lingjerde, Ann Blomberg og Laila Gangstad hadde offisiell opning. Wenneberg er overvelda over kor mange som kom.
– Det var eit enormt oppmøte, eg er utruleg takksam for alle som kom for å støtta oss, seier ho.
Kunstnaren fortel at ho har vore spent i forkant av opninga.
– Ein stiller seg sjølv ut når ein stiller ut bilda sine.
Wenneberg bruker miks media som teknikk.
– Eg kan sjå eit landskap i ein spesiell farge, og ut frå det utgangspunktet skapar eg eit bilde, seier ho.
LES OGSÅ: – Kjekt å stilla ut saman
Nysgjerrig på folk
Reyes-Lingjerde, som målar akryl, fortel at ho har vore glad i å måla heilt sidan ho var liten jente, men i år 2000 tok ho for alvor målarpenselen fatt.
– Eg malar intuitivt og planlegg aldri, men i dei fleste av mine bilde er det med folk.
Kunstnaren seier årsaka til det er at ho er nysgjerrig på folk og deira historier.
– Eg får inspirasjon gjennom dei eg møter, seier ho.
LES OGSÅ: – Ei sann glede
– Spanande bilde
Mette Marei Træland, som sjølv er kunstnar, var på opninga av utstillinga, og lét seg begeistra.
– Eg synest dei har utruleg spanande bilde, seier ho.
– Ein kjem ut på ei reise ved å sjå på bilda.
Utstillinga er todelt, ved at Reyes-Lingjerde og Wenneberg skal ha sine bilde utstilt dei første to vekene, og Gangstad og Blomberg dei siste to vekene, fram til 1. mars.