– Kafeen blir ein livsstil

SATSAR: Freddy og Hege Aga satsar stort, og gjenopnar den gamle Pernillecafeen. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

SATSAR: Freddy og Hege Aga satsar stort, og gjenopnar den gamle Pernillecafeen. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

FEDJE: Dei hamna i den berømte tidsklemma, og bestemte seg for å bryte opp, og flytte til Fedje, der tida ikkje går så fort. I helga hadde Hege og Freddy nyopning på Pernillecafeen.

DEL

Nyopning av Pernillecafeen: På Pernillecafeen sel dei kaffi i mork, og har eigen kolonial med reine råvarer.
– Vi prøver å bevare det slik det ein gong var, og skapa ein møteplass på Fedje, seier Hege Aga.

Prøvde lykka

Lørdag var det tid for fest, og rundt hundre menneske dukka opp for den offisielle nyopninga av Pernillecafeen.
 

– Det har vore fullt hus, og verkeleg eit strålande opningsvær, fortel Hege, som forresten synest at Fedje er ein nydeleg plass uansett vær.
– Det er like fint når hauststormane ular, og det sprutar frå havet, seier ho.
 

Freddy er opphavleg frå Fedje, så då tidsklemma stramma grepet rundt familien, pakka dei saman og prøvde lykka.
– Vi stortrivst. Det er ein fantastisk plass for ungane, med friluftsliv og mange gode aktivitetar. Vi har alltid nokon å prate med, her kjenner alle kvarandre, seier Hege, og fortel at det er litt av bakgrunnen til at familien tok steget, og vart eigarar av den gamle kafeen.

Møteplass

– Eg har ikkje hatt noko fast arbeid sidan eg flytta ut hit, men har vore på jakt etter noko eige, fortel ho. Hege har alltid hatt lyst å starte opp si eiga bedrift, så når den gamle kafeen la ned drifta for rundt eit år sidan, begynte tankane å spinna.
– Vi treng ein møteplass på øya. Ein plass der ein kan sette seg ned, og alltid finna nokon å slå av ein prat med.

Familiebedrift

Det er Hege som skal ha drifta i kvardagen, med god hjelp frå Freddy, som er kokk, og dei tre sønene saman med kjærastane deira.
– Dei to eldste gutane våre, Adrian (10) og Mats Andre (14) bur på Fedje, mens eldstemann Fredrik skal hjelpa til når han er heime i feriar og liknande, fortel Hege.
– Vi har heile familien med, det synest vi er veldig stas.

Pernille

I 1924 var huset oppført, med daglegvarebutikk i underetasjen.
– Ei av dei som har drive butikken heitte Pernille, så det namnet har hengt igjen, seier Hege, som er spent på korleis den nye kvardagen blir.

Artikkeltags