Fiskefestival på Fedje: Edel fekk fisk som var større enn ho sjølv

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg vart nesten redd då eg drog den opp, seier ho entusiastisk.

DEL

På laurdag var det tid for den 30 fiskefestivalen på Fedje. Og den som klarte å ta den største fisken, var ei kvinne som ikkje hadde fiska på ein generasjon.

Tilfeldig at dei fekk båt

– Eg har ikkje fiska sidan barndommen, må Edel Christensen innrømma. Det var i det heile tilfelle som gjorde at dei vart med på fiskekonkurransen. Med ei mor frå Fedje, og store deler av barndommen brukt på øya, har det ført til at søstera hennar, Jane har kjøpt seg sommarhus på øya. Dei ville gjerne vera med i fiskekonkurransen, men fekk ikkje tak i båt. Men ein tur på den lokale puben på fredagskvelden sette dei i kontakt med lokale folk som hadde ein båt for utleige.

– Det var berre tilfeldig at me klarte å skaffa oss ein sjark, innrømmer ho.

Foto:

Men då dei fyrst klarte å skaffa ein, vart det knallsuksess.

– Fyrst fekk eg ei lita pale, då var eg nøgd. For sola skein jo, seier ho og ler.

Totalt hadde dei fire fiskestenger med seg. Og det var ikkje før heilt mot slutten av dagen, etter tre timar med fisking at dei hala inn storfangsten. Då beit ei Lange på 10,4 kilo på kroken.

– Redd

– Eg vart nesten redd då den kom opp og eg såg kor stor den var, seier ho.

– Den var kjempelang, eg synst nesten den såg ut som ein av dei utanlandske ålane, seier ho.

– Det var nifst, gjentek ho. Då dei fekk fisken om bord i båten og målt den, fann dei raskt ut at den var lenger enn kva Edel sjølv. og ho er 166 centimeter høg.

Men frykta for det store beistet gjekk for over.

Foto:

– Eg er dødskry no, seier ho og smiler. Medan Edel fekk den største fisken, var det ingen tvil om at Isak Gunderstad Olsnes fekk den minste. Den var på berre åtte gram. Men han fekk premie for det og var nøgd med det og å få besøka farmor. Totalt var det 97 deltakarar på årets fiskekonkurranse. Men i motsetnad til før, der det var eit eindagsarrangement, går alt no over fire dagar.

Dugnad

Det byrja med Cato og Claus-show på torsdag som trakk 100 personar, før det var nye aktivitetar på fredagen. Laurdag var det dans og disko for dei unge og søndagen vart avslutta med konsert i kyrkja.

– Det har vore mange flinke dugnadsfolk som har vore i sving. Både fotball og volleyballgruppa stiller opp. Det er kjempemange folk i sving, seier ei nøgd Kristine Rossnes i idrettslaget, som står bak arrangementet.

Foto:

Artikkeltags