Lyst på fredagsvorspiel med Eikanger-Bjørsvik? Vinn billettar her

Nh-journalist Eline Kirkebø skal trekke ut tre heldige vinnarar som får ta med seg ein ven eller partnar på konsert fredag kveld.

Nh-journalist Eline Kirkebø skal trekke ut tre heldige vinnarar som får ta med seg ein ven eller partnar på konsert fredag kveld. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Avisa Nordhordland gir vekk tre billettar for seks personar til Fredagsvorspiel med EM-vinnarane Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Gjestesolistar er Adam Rapa og Elisabeth Vik, og dirigent er Reid Gilje.

Konserten er klokka 19.30 fredag 9. juni i Logen Teater.

Vi trekk ut tre vinnarar som kvar får ein billett for to personar.

Det einaste kravet vi stiller for å vere med i konkurransen er at du er abonnent eller familiemedlem og har registrert digital tilgang til vår nettside; nordhordland.no.

Når du har oppretta digital tilgang, stadfestar du dette med ei melding i kommentarfeltet på vår Facebook-side. Om du har oppretta digital tilgang tidlegare, er du også med i konkurransen dersom du stadfestar på Facebook. 

Trekninga blir gjort fredag klokka 10, og dei tre heldige vinnarane blir annonsert på nett.

Slik blir du abonnent

Har du lyst å vere med i konkurransen, men er framleis ikkje abonnent? Då kan du kjøpe abonnement her.

Treng du hjelp med å få digital tilgang er det berre å ta kontakt med oss på tlf. 916 20 916 eller komme innom lokala våre i Knarvik senter i opningstida mellom klokka 08 og 16.

Artikkeltags