Gå til sidens hovedinnhold

Sjå stor bildeserie: Rundt 1200 personar kom til Alverdagen

19. oktober 2019, kl. 17:00

Det var fantastisk oppslutning på Alver-dagen, som nye Alver kommune inviterte til på nye Knarvik barneskule og Knarvik Arena laurdag. Rundt 1200 personar innom dørene, utanom alle i arrangørstaben, stands-deltakarar og andre aktørar, var over arrangøren sine forventningar. Her kunne folk oppleva mange forskjellige utstillingar, der lag og organisasjonar presenterte seg. Også Alver kommune viste fram ein del av sine aktivitetar og tenester. Lokale song- og musikkrefter underheldt i løpet av Alver-dagen, og folk fekk også artige smakebitar frå revyfolket. Det var også aktivitetar for dei yngste, mellom anna ansiktsmaling, klatrevegg og besøk i brannbilen. Og innimellom kunne folk kosa seg med godsaker frå kiosk og kafé. Dagen vart avslutta med ein konsert med ei rekkje Alver-talent.