Snart brakar årets UKM laust: – Alle har eit talent

Årets 12 unge arrangørar for UKM Nordhordland

Årets 12 unge arrangørar for UKM Nordhordland Foto:

Av

Unge arrangørar kan ikkje vente til årets lokalmønstring i UKM 2020.

DEL

Me har store forventningar til at me får eit fantastisk arrangement med mange fantastiske talent som vil bli vist fram av ungdomar.

UKM er eit flott arrangement der ungdom kan komme å vise fram sine talent. Det kan vere kva som helst. Ein kan synge, vise fram kunst, spele i band, danse, spele instrument, ta bilde, vere konferansier og mykje anna. Alle har eit talent inni seg, og UKM eit ein flott plass der du kan komme og vise det fram for andre.

Her får de også sjå på andre sine talent, og møte nye folk. Me har eit profesjonelt husband som skal vere med dei som skal synge.

Lokalmønstringa i Nordhordland er laurdag 1. februar klokka 12.00 i Storstova på Leiknes skule. Det er gratis å delta, og det kostar ingenting å komme og sjå på.

UKM Nordhordland er eit samarbeidsarrangement mellom kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden og Fedje.

Viss du har lyst til å melde deg på, kan du gå inn på ukm.no og registrere deg. Fristen for å melde seg på er torsdag 16. januar. Aldersgrensa for å delta er 10–20 år, og ein må vere busett i ein av arrangørkommunane.

Ønskjer du meir informasjon eller har spørsmål, sjekk ut Facebook-sida til UKM i Nordhordland.

Me er ei gruppe på 12 unge arrangørar som gler oss til ei kjekk mønstring saman med andre ungdommar i Nordhordland. Me gler oss til å sjå nye og gamle fjes, lære nye ting og komme saman for å arrangere eit av dei største kulturarrangementa for ungdom i Nordhordland!

Artikkeltags