Heddapris til Preben Hodneland

Preben Hodneland fekk prisen for beste mannlege medspelar under Hedda-prisen 2018.

Preben Hodneland fekk prisen for beste mannlege medspelar under Hedda-prisen 2018. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Heddaprisane vert delt ut for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst, og årets priser blei delt ut på Oslo Nye Teater søndag kveld.

Den eine prisen gjekk då til Lindås.

For beste mannlege medspelar blei Preben Hodneland for rolla som Eldste McKinley i knallsuksessen «The Book of Mormon». Hodneland har rolla som den noko skrullete mormonen med blomstrete trillekoffert og begeistra juryen som skriv at «rolla han tolkar er ikkje stor, men han har funnet plass til allsidig utfolding og nyansert personskildring».

I alt fekk musikalen om mormonane tre Hedda-priser, blant dei den svært gjeve prisen for årets førestilling, som blei delt ut av kulturminister Trine Skei Grande (V). Kulturministeren rosar kvaliteten i norsk teater.

– Norsk scenekunst er meir enn nokon gang prega av kvalitet og mangfald, sa kulturministeren då ho delte ut prisen.

«Book of Mormons» vant også i klassen beste scenetekst. Her fekk Are Kalvø pris for sin omsetting frå amerikansk til nynorsk.

Musikalen har vore ein gedigen publikumssuksess og har gått for utselde hus sidan premieren i september i fjor. Og det er ikkje slutt med det. No vert det seld det billettar fram til våren 2019.

Ragne Grande (27) frå Lierne vant prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Laura Wingfield i «Glassmenasjeriet». Dette er hennar debutrolle på Trøndelag Teater. Prisen for beste mannlege hovudrolle gjekk til Hermann Sabado (36) for rolla som Prior i maratonforestillinga «Engler i Amerika» på Nationaltheatret.

Artikkeltags