Inviterer til bursdagskonsert

FEIRING: Frode Skag Storheim inviterer til bursdagskonsert i Knarvik kyrkje på 30-årsdagen sin. ARKIVFOTO: Morten Sæle

FEIRING: Frode Skag Storheim inviterer til bursdagskonsert i Knarvik kyrkje på 30-årsdagen sin. ARKIVFOTO: Morten Sæle

Artikkelen er over 1 år gammel

Frode Skag Storheim feirar bursdag med konsert og urframføring.

DEL

Pianist og organist Frode Skag Storheim fyller 30 år den 8. mars, og vel å feira det ved å arrangere ein storslått konsert i Knarvik kyrkje.

– Eg har fått med meg tre topptrimma strykarar frå Bergen, ein saksofonist, og ikkje minst, sopran Kjersti Wiik, fortel Storheim.

Saman skal dei servera ein svært variert meny, og dette er eit poeng for jubilanten.

– Eg har alltid vore ein musikalsk potet, og vil at dette skal speglast i programmet, seier han.

Det blir ei avdeling med svenske tonar, det blir Grieg, Cesar Franck-virtuoseri, og urframføring av tonesettingar han har gjort av dikt av Olav Nygard frå Modalen.

– Desse er det mangeårig kollega og ven, Kjersti Wiik som skal framføra.

Elles har Frode også sjølvsagt rydda plass til sin favorittkomponist, W.A. Mozart.

– Eg kunne naturlegvis ikkje la min yndlingskomponist få stå utanfor dette gode selskap, og saman med fiolinist, bratsjist og cellist tar vi publikum med i noko av det finaste Mozart skreiv i kammerformat; Klaverkvartett i g-moll, KV 478, fortel han.

Også i pausen vert det Mozart, men her i form av Mozart-kuler, direkte frå Wien.

– Eg ønsker både kjente og ukjente fjes velkommen til ein feiande flott konsert, sluttar han.

Artikkeltags