Må avlysa teaterkurs

DEL

I nye Alver kommune har dei lyst til å laga ein Alver-revy i 2020.

Før dette ville dei arrangera kurs og felles samlingar for alle revy- og teaterinteresserte i Alver kommune. Fyrst ute var det planlagt eit kurs i lyd og lys, teatersminke, sceneteknikk og galskap med mellom anna Yvonne Algrøy.

Men no har ein sett seg nøydd til å avlysa kurset som skulle ha vore i Haugatun i helga grunna for lita interesse.

Det melder nettsida til den komande Alver kommune.

Artikkeltags