Video: – Eg kjende meg heime frå fyrste augneblink. Noko av det kjekkaste eg veit er tidleg om morgonen på sumarstid.

    Av

    Småbrukar Maya Riise set stor pris på nærkontakten med dyra, og hunden Mina er med henne frå morgon til kveld. Grunnen til at ho og mannen Martin Greve (33) kjøpte garden «Nordre Solend Gard» ved Manger var ei felles interesse for mat, jakt og friluftsliv. I tillegg likar begge seg ute, der dei kan arbeida med nevane og dyrka jorda.

    DEL

    Folk i Alver

    1. januar 2020 slår Lindås, Meland og Radøy seg saman til nye Alver kommune. I tida fram mot kommunesamanslåinga, vil Avisa Nordhordland publisere ein serie med portrett på personar for å løfte fram folk som bur i det som skal bli Alver kommune. Portretta er laga av informasjonsavdelinga til Alver kommune for å skape interesse og tilhøyrsle til den nye kommunen. Avisa er tilbydd portretta til fri bruk og vil publisere dei i papiravisa og på vår nettside nordhordland.no. Det er ikkje gjort andre avtalar med Alver kommune i samband med portrettserien.

    Artikkeltags