Søster, tante og dotter saman på scena

FAMILIE PÅ SCENA: Christine Westervik, Inger Helen Midtgård og Anne Rose Westervik er alle i familie, og stod på scena saman under årets Hjelmåsrevy «Heilt elektrisk».

FAMILIE PÅ SCENA: Christine Westervik, Inger Helen Midtgård og Anne Rose Westervik er alle i familie, og stod på scena saman under årets Hjelmåsrevy «Heilt elektrisk». Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Heimhug ungdomslag sin Hjelmåsrevy har vorte ein tradisjon. I år stod latteren i taket for 24. år på rad. Av dei åtte på scena var Anne Rose, Christine og Inger Helen, som alle er i familie.

DEL

– Eg tenker eigentleg ikkje på at vi er i familie, dette har vi gjort så mange år at det er ein sjølvfølge at vi står på scena saman, seier Christine Westervik, som saman med mamma Anne Rose Westervik, tanta Inger Helen Midtgård og fem andre Hjelmåsinar sørga for høge latterbrøl frå publikum, då dei lørdag kveld hadde primære på den årlege Hjelmåsrevyen.

SKODESPELARANE: Henning Vetås, Idar Åserud-Løvlid. Kristin Rongevær, Christine Westervik, Inger Helen Midtgård, Anne Rose Westervik, Hilde Alvær Hagesæter, Kirsti Mjøs. Dei åtte skodespelarane frå Hjelmås imponerte stort med opp til ti roller kvar og morosame replikkar, medan publikum lo så dei grein.

SKODESPELARANE: Henning Vetås, Idar Åserud-Løvlid. Kristin Rongevær, Christine Westervik, Inger Helen Midtgård, Anne Rose Westervik, Hilde Alvær Hagesæter, Kirsti Mjøs. Dei åtte skodespelarane frå Hjelmås imponerte stort med opp til ti roller kvar og morosame replikkar, medan publikum lo så dei grein. Foto:

– Får nesten støyt

I år fekk førestillinga namnet «Heilt elektrisk», og revyen spenna frå hønsestandup, besto med ny iPad, gamalheimsdans, ein forsvunne busk og elektrisk galskap. Dei åtte skodespelarane frå Hjelmås imponerte stort med opp til ti roller kvar og morosame replikkar, medan publikum lo så dei grein.

– Det er veldig kjekt at vi kan gjera dette saman, eg får nesten støyt når eg tenker på det, seier Inger Helen, medan dei andre ler seg skakk.

– Inger Helen snakkar alltid i replikkar, seier dei andre lattermild.

Ville gjera det sjølv

Det var i 1990, då ungdomshuset på Hjelmås var nyoppussa, og dei legde inn underhaldning for ein haustfest, at Inger Helen fekk ideen om ein årleg revy.

– Eg tenkte at vi like godt kunne laga underhaldning sjølv, og arrangera haustfest med sjølvskrive revy einaste år kvar.

Og akkurat slik vart det. Året etter, i 1991, sette dei opp revy, og har gjort det kvart år sidan.

SØSTRER: Inger Helen Midtgård og Anne Rose Westervik har stått på scena kvart år sidan 1991, forutan eit år kvar. – Det var nokre fødslar med i bilde dei åra, så då fekk vi «pause», seier Anne Rose.

SØSTRER: Inger Helen Midtgård og Anne Rose Westervik har stått på scena kvart år sidan 1991, forutan eit år kvar. – Det var nokre fødslar med i bilde dei åra, så då fekk vi «pause», seier Anne Rose. Foto:

Kun eit år pause

Søstrene Inger Helen og Anne Rose har stått på scena kvart år i 24 år, forutan ein gong kvar.

– Det var nokre fødslar med i bilde dei åra, så då fekk vi «pause», ler Anne Rose.

Revyen set gjengen på scena opp sjølv, og allereie i august var dei godt i gong.

– Vi ler oss gjennom hausten, og har det utruleg morosamt undervegs, seier Inger Helen.

Dei fleste tekstane skriv dei sjølv.

– Dei kjem dalande ned som ei sky, og kan koma når vi er på ferie, pussar tenna eller køyrer bil.

Vil halda på til 90-årsalderen

Når avisa Nordhordland møter dei tre familiemedlemmane «back stage», og dei får spørsmålet om kor lenge dei kjem til å stå på scena i Hjelmåsrevyen, er dei einige i at dette vil dei gjera mange år framover.

– Vi må plasserast på eit gamleheim rett i nærleika av ungdomshuset, slik at vi kan halda på til vi er i 90-åra. Kanskje vi kan få personlege assistentar som skifter bleie på oss i pausen, ler Inger Helen.

HEILT ELEKTRISK: Årets revy spenna frå brunsnigler, hønsestandup, gamalheimsdans, ein forsvunne busk og elektrisk galskap.

HEILT ELEKTRISK: Årets revy spenna frå brunsnigler, hønsestandup, gamalheimsdans, ein forsvunne busk og elektrisk galskap. Foto:

Første gong

Åse Kaland og Einar Kvåle, som kjem frå Seim, var på Hjelmåsrevyen for første gong i år.

– Eg jobbar i Hjelmås fortida, kor vi driv å set opp eit anlegg for Canal Digital. Eg har høyrt rykte om revyen, og då bestemde vi oss for å kjøpa billettar, seier Einar.

Dei synest revyen var utruleg bra.

– Dette synest vi var så morosamt, at vi har lyst til å koma tilbake neste år, seier Åse.

Artikkeltags