Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. I ettermiddag kan du treffe Anne Grete Eide (AP) og Kirsti Gjetle Floen (AP) i Knarvik Senter; Kvinnekampen er fortsatt like aktuell som alltid. Sidan kvinnene kjempa fram noko så grunnleggjande som stemmeretten i 1913 har mykje skjedd, men ingenting skjedde av seg sjølv.
I byrjinga av 1900-talet var samskulen og lik undervisning viktige saker for kvinnekampen. Mange jobba hardt for rettane sine i forbindelse med ekteskap og arbeidsliv. Før det hadde ektemenn rett til å bestemme over konene sine. Borna tilhøyrde mannen, han fekk råde over kvinna si inntekt, og dei fleste avgjerdsla var det mannen som skulle ta. «I dag har me komen veldig langt, og kan smykke oss med tittelen som ein av verdas mest likestilte nasjonar».
Diverre ser me at kvinner sine rettar stadig blir utfordra. Ein kan oppleve å gå to skritt fram og eitt attende.

Torill Eidsheim: – Det var bestemor som oppfordra meg til å bli med i fjøset, spele fotball, leike i skogen og bli med bestefar på jakt
Etter at den blåblå regjeringa i 2015 byrja å leike med arbeidsmiljølova, har ein sett at enkelte unge kvinner har blitt særleg utsett i møte med arbeidslivet. Endringane opna opp for meir midlertidig tilsettingar, meir overtid, lengre arbeidsdagar, og lengre arbeidsperiodar. Dei kvinnedominerte yrkene i helsesektoren og opplæringssektoren har blitt eit særleg offer.
Det som skulle vere ein lettare inngang til arbeidslivet, har vist seg å gjere det vanskelegare for unge, nyutdanna sjukepleiarar eller lærarar å få seg fulltidstillingar og faste stillingar på lang sikt. Absurde stillingstorleikar som 9,5 % og 12,9 % gir sosiale konsekvensar, slik som aukande utryggleik, manglande moglegheiter for bustadlån og svekka tenestepensjon. «Dette er berre ein av mange utfordringar me kvinner må fortsette å kjempe mot.
Våre kvinnelege representantar brenn for å løfte Alver kommune til vidare utvikling, og vil ta med seg mangfaldig bakgrunn og kompetanse». Studiar visar at sjølv om ein har fleire kvinnelege representantar på ei liste, er det dei mannlege kandidatane som spring opp på lista og skyver damene ned. Det er fleire teoriar om kvifor, både kvinner og menn, tenderer til å krysse på menn.

Minst åtte månader til mor
Vår oppmoding til valet 9. september er at du er bevisst på kjønnsbalansen i kryssa og slengarane dine. Og me oppmodar alle som er opptatt av likestilling til å ta del i 8. mars arrangement i dag, God 8. mars!
Kvinnelege listekandidatar for Alver Arbeidarparti:
2 Nina Bognøy
4 Anne Grete Eide
6 Kirsti Gjetle Floen
8 Astrid Namtveit Sylta
10 Margrethe Storheim
12 Kjersti Vikebø Nesse
14 Regina Sandven
16 Mette Marei Træland
18 Liv Berit Rath
20 Vivian Grete Sande
22 Åse Sudmann
24 Astrid Rongvær
26 Silje Strand Skauge
28 Torill Helland
30 Grethe Wence Søiland Sæthre
32 Kristin Flell Arvidson
34 Christina Løtveit Fosse
36 Hege Kristine Mjelde
38 Bjørg Tveiten Skiftesvik
40 Oddveig Husebø
42 Mette Bøe
44 Jannicke Helland
46 Berit Oliva Kvalvik
Anne Grete Eide, Kvinnekontakt Alver Arbeiderparti
Kirsti Gjetle Floen, Studieleder Alver Arbeiderparti