– Mellom anna tilsette på legevakt og legekontor, sjukepleiarar og vernepleiarar i helse- og omsorgstenestene, koronasenter, helsesjukepleiarar og tilsette på tannlegekontor, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Sentrale helsestyresmakter har understreka at det berre er kritisk helsepersonell og helsepersonell som er særleg utsett for smitte i yrkesutøvinga si som skal prioriterast for vaksinering.

Anna helsepersonell skal altså ikkje vaksinerast framfor personar i risikogruppene, men vil få tilbod om vaksine i den rekkefølga som er sett opp av Folkehelseinstituttet.