I dag kom eit lesarinnlegg i NH frå den såkalla støttegruppa i lærarsakene. Dei kom med nådelaus kritikk av Utdanningsforbundet (UDF) generelt, og av meg som hovudtillitsvald (HTV) spesielt, for å ha vore taus om lærarsakene og for ikkje å ta vare på våre medlemmar når dei treng hjelp.

Dette kan ikkje stå uimotsagt.

Les også

«Det er oppsiktsvekkjande den manglande interessa Utdanningsforbundet har vist lærarsakene»

Ja, det er heilt riktig at UDF ikkje har ytra seg offentleg om lærarsakene. Forklaringa er at det på grunn av teieplikt ikkje er mogleg å uttale seg om personalsaker i media, eller om einskildsaker som involverer elevar og føresette. I tillegg er det ei kjennsgjerning at alle medieoppslaga i seg sjølv har bidrege til at mange har kjent seg ekstra utrygge dei siste åra. Elevar og føresette har erfart at dei kan bli hetsa i sosiale medium om dei varslar på ein lærar, lærarar har fått vite at verken arbeidsgjevar eller UDF vil dei vel, og rektorane at dei kan bli plassert i offentleg gapestokk dersom nokon meiner at dei har gjort ein feil. Difor har både eg og UDF lokalt valt å jobbe på andre måtar enn gjennom lokalavisene, sjølv om nokon meiner at det har vore feil strategi.

Støttegruppa påstår at HTV, altså eg, valde «feil side» i sakene. Eg var berre involvert i den eine (ueinigheit om karakter), og då i under èi veke, i januar -19. Læraren var misnøgd med mitt arbeid og mine råd, og fekk vidare bistand frå fylkesnivå. Valde eg feil side?

For å nytte eit bilete: På ein veg der to køyrebaner blir fletta saman til èi, låg to bilar av litt ulik storleik side om side. Eg signaliserte til begge sjåførane at dei måtte kommunisere for å unngå kollisjon. Skadepotensialet var størst for den minste bilen, så rett før det small rådde eg sjåføren til å løfte litt på gassfoten. Ikkje køyre i grøfta eller stanse midt i vegen, men løfte litt på gassfoten, og ikkje av omsyn til den store bilen. Fire år seinare er bilane enno ikkje reparerte, og det blir framleis krangla om forsikringsoppgjeret.

Eg og UDF Alver har sidan 2019 gjort mykje for å trygge våre medlemmar. Hausten 2019 fekk vi arbeidsgjevar med på å lage ny rutine for handsaming av saker der tilsett blir skulda for å krenke ein elev, der dei tilsette er sikra innsyns- og kontradiksjonsrett ut over det dei reint juridisk har rett på. Ingen andre kommunar i Vestland har ei tilsvarande sikring. Rutinen er brukt i fleire titals saker, som alle så langt eg veit er løyste utan større kontroversar.

Vi har vore pådrivar og deltakar i prosjekt vald i skulen (rutinar og opplæring på plass -22), prosjekt arbeidsmiljø (rutinar på plass våren -23). UDF Alver har 2020-23 kursa sine tillitsvalde om 9a-5-rutine, førebygging/handtering av vald og trugslar, avvik/varsling og arbeidsmiljøarbeid. Vi har systematisk sendt ut infoskriv på e-post til våre medlemmar, inkludert dei tre i støttegruppa, om kva vi har jobba med.

Når støttegruppa kjem med sine påstandar, så må det skuldast at dei ikkje har brydd seg med å sjekke fakta, eller at fakta ikkje passa inn i deira historieforteljing.