Gå til sidens hovedinnhold

Kristin blir ny styrar i Marihøna barnehage: – Det blir spennande med nye utfordringar

Artikkelen er over 1 år gammel

Kristin Bredholdt tek over styringa av Marihøna barnehage i løpet av september.

For abonnentar

I seks år har Kristin Bredholt jobba som styrar i Natås barnehage i Alver kommune.

No er ho klar til den nye jobben som styrar i Marihøna Barnehage.

– Det blir spennande med nye utfordringar, seier ho.

Første jobb i kommunal sektor

– Eg gler meg til å bli kjend med både barn, foreldre og personale, seier Bredholt med eit smil.

Natås barnehage er ein privat barnehage, mens Marihøna er kommunal.

– Det blir spenannde å jobbe i kommunal sektor, eg har berre jobba i privatsektoren før, seier ho.

Bredholt fortel at det blir spennande å å ta tak i dei ulike kommunale prosjekt som barnehagen jobbar med og ta del i desse.

– Dei satsingane som kommunen har utarbeida synast eg er veldig gode. Til dømes «Inkluderende barnehage - og skolemiljø» som først kom til skulane og blir no også ein del av barnehagane etter endring i Barnehagelova.

Bredholt fortel at dette prosjektet går ut på å lage eit meir inkluderande gg trygg barnehage for alle barn.

– Eg gler meg til eg skal starte der i løpet av september! smiler ho.

Les også

Aleksander (28) blei valt av 11 kandidatar: Blir ny branninspektør

Kommentarer til denne saken